Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Djupe blonder og mjuke relieff

$
0
0

Ingrid Aarseth er fyrste tekstilkunstnar ut i Hvelvet, og ho er også den fyrste som ikkje berre heng kunst på veggen - men også frå taket!

Aarseth er utdanna tekstilkunstnar frå Bergen Kunsthandverksskule, med fordjupning i Constructed textiles frå London. Ho arbeidde tidleg med såkalla dataassistert design, og bruken av digitale verkty og ei sterk vektlegging av handverksmessige kvalitetar har fulgt henne sidan. I studietida utvikla ho eit eige uttrykk, der strikka kvalitetar kombinert med silketrykk, handmaling og utbrenning nærast vart varemerket hennar. Frå å arbeide med desse tekstilar i formuttrykket klesplagg har ho dei seinare åra gått mot å jobbe med romlege tekstilar. Materialet har også gått frå strikka kvalitetar til meir bruk av lin og silke som hovudmateriale.

Utstillinga som ho no skal ha i Hvelvet, består av store tekstilar som heng frå taket. Aarseth viser  her ein tredimensjonal tilnærming til tekstildesign ved hjelp av teknikkar som forstørrar og gjentek mønster. Hovudaspekta i arbeida hennar er mønster og repetisjon. Intrikate mønster som etterliknar blonder er skore med laser i bomullsseglduk, og kan minne om papirklippingskunst. Utforma som store flater heng dei i fire lag eit stykke frå veggen, noko som gjev rom for både skyggespel og ei kjensle av horisont. Du kan bokstaveleg tala vandre mellom kunstverka. Dette gjev ei spennande utstilling med eit uttrykk som er nytt for Hvelvet.

Aarseth har hatt ei rekkje seperatutstillingar, hatt mange utsmykningsoppdrag og fått fleire stipend. Arbeida hennar er kjøpt inn av Kunstindustrimusea i både Bergen, Oslo og Trondheim. Aarseth har også undervist gjennom stort sett heile karriera, og er i dag tilsett som høgskulelektor ved KHIB, knytt til fagområdet tekstil.

Utstillinga opnar med vernissage laurdag 2. februar kl. 13.00, med opning ved Nina Skurtveit. Den blir ståande til 3. mars.

Bilde: 
Ingress: 

Ingrid Aarseth er fyrste tekstilkunstnar i Hvelvet.

Tid: 
Lørdag, februar 2, 2013 - 13:00 til Søndag, mars 3, 2013 - 18:00

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


Girasoles para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Tagalog Quotes About Crush – Tagalog Love Quotes


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Tagalog Quotes To Move on and More Love Love Love Quotes


5 Tagalog Relationship Rules


Best Crush Tagalog Quotes And Sayings 2017


Re:Mutton Pies (lleechef)


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Sapos para colorear


tagalog love Quotes – Tiwala Quotes


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


Patama Quotes : Tagalog Inspirational Quotes


Pamatay na Banat and Mga Patama Love Quotes


Tagalog Long Distance Relationship Love Quotes


BARKADA TAGALOG QUOTES


“BAHAY KUBO HUGOT”


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.