Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Askepott

$
0
0
Teaser: 

Disney sin tidlause klassikar i ny utgåve! 

 

Den klassiske historia om Askepott i ny drakt!
(Lily James)
Denne gongen følger vi skjebna til den unge Ella og far hennar, som giftar seg på nytt etter dødsfallet til Ella si mor. Ivrig etter å støtte sin kjærlege far ynskjer ella si nye stemor (Cate Blanchett) og hennar to døtre Anastasia (Holliday Grainger) og Drizella (Sophie McShera) varmt velkomne inn i familien. 
Då Ella sin far uventa døyr, blir ho degradert til tenestejente hos den nye familien sin, og dei gjev henne namnet Askepott. Ella misser ikkkje håpet, og er fast bestemt på å hedre mora sine ord om "å vere modig og snill". Lukka snur då Ella møter den sjarmerande Kit, uvitande om at han er ein ekte prins og ikkje berre ein lærling på slottet, slik han gjev seg ut for å vere. 
Då det Kongelige Slott inviterar alle unge damer til ball, ser ho sjansen til nok ein gong å møte den unge mannen, men den onde stemora hennar forbyr hennne å gå på ballet. I staden sender ho sine eigne døtre. Som i alle eventyr er hjelpa aldri langt unna, og ei tiggarkvinne (Helena Bonham-Carter) utstyrt med eit graskar og nokon mus skal endre Askepott sitt liv for alltid. 
Filmen varer i 1t 53min og er tilleten for alle. 

 

Arrangementdato: 
søn, 15/03/2015 - 16:00
Pris: 
Kr. 80,-
Bilde: 
Lengde: 
1t 53min
Fleire bilde: 
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 4. mars, berre i resepsjonen på Oseana.
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Askepott

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571