Kingsman fortel historia om ein superhemmeleg spionorganisasjon som rekruttar ein heilt vanleg, men lovande tenåring inn i byrået sitt knallharde treningsprogram. På same tid blir det oppdaga ein global trussel frå ein forskrudd hackar.
Då faren til fem år gamle Gary "Eggsy" Price ofrar livet sitt under eit hemmeleg militært oppdrag, mottek familien hans ein ukonvensjonell medalje, og eit telefonnummer dei kan bruke berre ein gong, dersom dei skulle behøve ei teneste av kva som helst slag.
Sytten år seinare lever Eggsy eit trist liv i mora si leilegheit, utan verken vitnemål eller jobb. Etter at han blir arrestert for misbruk av stjålne bankkort brukar Eggsy medaljen for å bli sett fri. Dette, under regi av sjølvaste Harry Hart (Colin Firth), ein spion som skuldar livet sitt til Eggsy sin far. Forferda over å høyre kva Eggsy har kasta vekk livet sitt på, men likevel imponert over dei betre kvalitetane han har, tilbyr Hart han moglegheita til å snu livet sitt rundt ved å prøve seg på ei ledig stilling hos Hart sin arbeidsgjevar: Kingsman, ein topphemmeleg uavhengig etterretningsorganisasjon.
På rollelista finn vi mellom anna Samuel L. Jackson, Colin Firth, Michael Caine, Taron Egerton og Bjørn Floberg. Filmen er regissert av Matthew Vaughn, som mellom anna har regissert X-Men: First Class.
Filmen varer i 2t 8min og har 15 års aldersgrense.
Er du mellom 16 og 20 år og har Kulturkort for Hordaland? Då kan du få kr. 20,- i avslag på denne filmen ved å vise fram kortet både ved kjøp og ved inngang i døra. Ein billett pr. kort.
Arrangementdato:
søn, 15/03/2015 - 19:00
Pris:
Kr. 100,-
Bilde:

Lengde:
2t 8min
Billettinfo:
Billettar i sal frå 4. mars, berre i resepsjonen på Oseana.
Arrangement:
Sal:
KalenderTittel:
Kino: Kingsman