Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Oseana kammerfest: Melisma Saxophone Quartet

$
0
0
Teaser: 

Fredagens konsert under Oseana Kammerfest er med Melisma Saxophone Quartet.

Arrangementdato: 
fre, 14/08/2015 - 19:00

Oseana kammerfest går i perioden 12. august - 16. august på Oseana kunst- og kultursenter, og er eit samarbeid mellom Oseana og Grieg in Bergen/Musica Nord. Det vil vere aktivitetar gjennom heile dagen frå kl. 12:00 og utover. 

Det faste programmet kvar dag består av: 

12:00 - 15:00 - Masterclasser med musikarar frå kveldens konsert

16:30 - 17:30 - Utvalde Unge Talent held konsertar i foajeen

18:45: Foredrag om kveldens konsert

19:00: Kveldskonsert i Griegsamlingen. Billettar til kveldskonsertane finn du hos Billettservice, eller i resepsjonen på Oseana. 

I tilleggg vil det bli Operapub fredag 14. august og Kammerjazz laurdag 15. august, begge deler kl. 21.00 i Griegsamlingen. Her kjøper du billett i døra til kr. 100,- 

Det er også råd å kjøpe festivalpass for alle dagane, eller eit tredagerspass som gjeld til tre valfrie dagar. Begge deler finn du her, eller i Oseana sin resepsjon 

 

Fredag 14. august: Melisma Saxophone Quartet - musikk for piano og strykarar - på saksofon! 

Den Amsterdam- baserte kvartetten Melisma har markert seg som ei svært talentfull gruppe som framfører kammermusikk på eit særdeles høgt nivå. Dei har vore i Bergen tidlegare, og det er ei stor glede at vi kan ynskje dei velkomne attende til Vestlandet og Oseana til kammerfestivalen! 

Hvis omgrepet "fire saksofonar" leiar tankane dine hen til moderne sjangrar og berre samtidsmusikk, kunne det ikkje ha vore fjernare frå sanninga. Kveldens program består av både Bach, Ravel, Verdi og Grieg, og innheld hovudsakleg gamle mesteverk for piano eller stryk, presentert i nye arrangement og i ny tonal prakt! 

Husk innleiinga til kveldens program kl. 18:45 i Griegsamlingen! Gratis for alle som har billett til konserten! 

Pris: 
Ord.bill 275,- BTkort 220,-
Lengde: 
1t
Billettinfo: 
For tredagerspass eller festivalpass, sjå info i hovudteksten.
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Oseana Kammerfest: Melisma

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571