Endelig er CHIHIRO OG HEKSENE tilbake på kino, og nå med norske stemmer. Dette fantastiske eventyret fra Hayao Miyazaki vant Oscar for beste animasjonsfilm i 2003.
10 år gamle Chihiro skal flytte til ein ny by saman med foreldra sine. På veg til det nye huset tek faren ein snarveg, noko som får dramatiske konsekvensar. Dei kjem fram til noko som ser ut som ein nedlagt fornøyelsespark, men det viser seg å vere eit badehus for slitne ander. Badehuset er kontrollert av den onde heksa Yubaba.
Som straff for at foreldra til Chihiro har teke seg til rette på andene sitt område og ete av maten deira, gjer Yubaba dei om til grisar. Chihiro får hjelp av den mystiske guten Haku, og får seg jobb i badehuset. Her møter ho ei rekkje merkelege skapningar, nokon gode og nokon onde. Saman med sine nye hjelparar tek ho opp kampen med Yubaba og prøvar å redde seg sjølv og foreldra sine.
Chihiro og heksene er ein fantastisk teiknefilm, laga av Hayao Miyazaki. Miyazaki er rekna som den fremste animatøren i verda i dag, og med denne filmen toppar ho si svært så imponerande karriere. Chihiro og heksene har trollbunde publikum verda over, og vore ein formidabel publikumssuksess både i Japan og i USA. Filmen vann som den fyrste animasjonsfilmen Gullbjørnen på Filmfestivalen i Berlin, i tillegg til Oscar for beste animasjonsfilm i 2003.
Filmen varer i 2t 5min og har 7 års aldersgrense.
