MixMaster Cru er eit dansekompani frå Bergen. Dei fem medlemmane har særs ulike personlegdomar og dansestilar. Dei er kjende for spektakulære show med mykje energi og humor, men likevel kan dei tolke alvorlege tema.
Fonos er eit kor frå Os med 30 dyktige songarar. Dei har gjort seg synlege gjennom ei rekkje utselde konsertar, og er kjende for sitt særeigne repertoar som spenner frå kjende poplåtar til meir ukjend indierock, vidare til gospel og soul.
No slår altså desse to "gruppene" hovuda saman, og ut or ein smeltedigel av musikkglede og formidlingsevne oppstår det eit heilaftans show du seint kjem til å gløyme!
Ord.bill kr. 275,-
Barn under 16 år: kr. 225,-
MIDDAG OG KONSERT?
Kvifor ikkje kombinere konserten med ein middag, og gjere det til ein heilaftan? Restauranten tilbyr herlege rettar til gode prisar! Ring 53 69 51 40 for bordbestilling!
