Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Anneli utsett til 2016

$
0
0
Bilde: 

Konserten med Anneli Drecker som skulle gått av stabelen på Oseana fredag 25. september, er utsett til neste år. 

  - Anneli er invitert med på eit nytt prosjekt i regi av Kirkelig Kulturverksted, som skal finne stad i Iran. Dette prosjektet går av stabelen samstundes som ho skulle hatt konsert her, men både Oseana og Anneli har veldig lyst at ho skal få delta. Difor har vi blitt einige om å finne ein ny konsertdato, forklarar arrangementssjef Berit Steen. 

Dette betyr difor at konserten 25. september går ut av programmet. 

Dato for ny konsert er ikkje sett endå, men Steen og managementet til Drecker arbeider med å finne ein dato i 2016. 

 

Dei som allereie har kjøpt billett til konserten kan henvende seg til Oseana sin resepsjon for å få pengane refundert. Ta kontakt på telefon 917 50 231 måndag -fredag mellom 10.00 - 16.00. 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571