Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Oseana sin nye servicemedarbeidar

$
0
0
Teaser: 

Anne Kristine Tøsdal er tilsett i jobben som servicemedarbeidar på Oseana. 

Oseana har tilsett Anne Kristine Tøsdal i jobben som ny servicemedarbeidar på Oseana. Anne Kristine har bakgrunn frå både reiseliv, hotell og turisme, men har dei siste 10 åra arbeidd på Amfi Os, fyrst som sentersekretær, deretter som senterleiar. 

  - Blant alle dei kvalifiserte søkjarane som søkte på stillinga skilde Anne Kristine seg ut med å ha ei utdanning og ei erfaring som passa meget godt til stillinga ho no skal inn i, seier direktør Ole Tobias Lindeberg. 

  - Som servicemedarbeidar blir ho no det fyrste ansiktet folk møter når dei kjem inn på Oseana, så dei osingane som ikkje kjenner henne frå før vil få god kjennskap til henne no. Det blir kjekt å få henne inn som ein del av teamet, avsluttar Lindeberg. 

Det var 53 søkjarar til jobben, og Tøsdal tek til i stillinga 1. november. 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571