Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Nøtteknekkeren

$
0
0
Teaser: 

Nøtteknekkaren kjem til Oseana, direkte streama frå operascena i Bjørvika, laurdag 22. desember!

Bilde: 

-Dette har vi jobba for lenge, og endeleg lukkast vi, seier ein nøgd arrangementsjef Berit Steen. Haustsesongen blir avslutta på Oseana med ei framsyning som praktisk tala er utseld i Oslo – direkte inn i Oseanasalen! Nøtteknekkeren, som går på Hovedscenen på Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika i heile desember, blir streama til kinolerretet på Oseana. Streaming vil seie at ein direkteoverfører bilder frå ein stad til ein annan, som i dette tilfellet er frå Hovudscenen i Operahuset i Bjørvika.

Steen har lenge drøymt om å få til streamingframsyningar på Oseana. 
-Heilt sidan eg såg Oseanasalen uferdig med det same eg starta i jobben, har eg tenkt at den måtte eigne seg heilt perfekt til å streame store operaproduksjonar eller teaterframsyningar til glede for osingane, seier Steen.

-Oseana er jo osingane sitt svar på Operahuset, der dei begge ligg vakkert plassert i vannkanten med spesiell arkitektur, smiler Steen, som tykkjer det er ekstra kjekt at det vart akkurat Nøtteknekkeren som fekk æra av å opne streaming- ballet i Oseana.

-Nøtteknekkeren er vel ved sidan av Svanesjøen den mest kjende balletten i verda, og med sitt juletema passar den perfekt til å avslutte Oseanasesongen rett før julaftan!

I Nøtteknekkeren møter vi den vesle jenta Clara, som er veldig spent på julekvelden. I gåve av onkelen får ho ei nøtteknekkardukke, medan broren Fritz får ein tinnsoldat. Denne nøtteknekkardukka blir hovudpersonen i ein vakker og magisk draum som Clara har. I draumen kjem både dukker, tinnsoldatar og mus til live, og vi får møte snødronningar, snøfnugg, prinsar og prinsesser før Clara vaknar igjen.

-Balletten er ein lang juletradisjon i mange store byar i alle verdas land, og mange store ballettdansarar har gått vegen frå Snøfnugg til Musebarn for å ende opp som prima ballerina Clara, seier Steen, som håpar at dette vil falle i smak hos publikum.

-Dette er eit prøveprosjekt for oss. Dersom oppslutninga er god vil vi absolutt ha slike framsyningar fleire gonger, kanskje frå store teater eller operahus rundt om i Europa, seier Steen. –Billettane får du på billettservice.no eller i resepsjonen på Oseana.

Streaminga startar kl. 15:00, der vi tel ned til framsyningsstart kl. 15:30. Kl. 15:10 får vi eit direkte intervju med ballettsjef Ingrid Lorentzen, før vi kl. 15:20 blir med bak scena og får med oss dei siste nervane før dansarane skal ut på scena. Kl. 15:30 startar det heile. Balletten varer i 2 timar, inkl. ein pause på 15 minutt. I pausen får vi også bli med bak scena igjen.

Les meir om framsyninga her!


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


Girasoles para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Tagalog Quotes About Crush – Tagalog Love Quotes


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Tagalog Quotes To Move on and More Love Love Love Quotes


5 Tagalog Relationship Rules


Best Crush Tagalog Quotes And Sayings 2017


Re:Mutton Pies (lleechef)


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Sapos para colorear


tagalog love Quotes – Tiwala Quotes


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


Patama Quotes : Tagalog Inspirational Quotes


Pamatay na Banat and Mga Patama Love Quotes


Tagalog Long Distance Relationship Love Quotes


BARKADA TAGALOG QUOTES


“BAHAY KUBO HUGOT”


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.