Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Fortrolige samtaler

$
0
0
Teaser: 

Av Ingmar Bergman i ein versjon for scenen av Liv Ullmann

Liv Ullmann er attende i Noreg, no som regissør for teaterversjon av Ingmar Bergmans Enskilda samtal - som alt er filmatisert med stor internasjonal suksess.

Det handlar om Anne, som på meir enn ein måte må betale sanningas pris.  Dette er ei historie Bergman meinte at berre Liv Ullmann kunne fortelja - ei historie om kjærleik, truskap, fridom og livsmot.  Om alt det som utløyser så stor glede og så djup sorg i våre liv.

Dramaet er basert på livshistoria til Ingmar Bergmans mor, og med utgongspunkt i moras hemmelege dagbok og Bermans eigne dagbøker, har Liv Ullmann skapt eit nytt manus for scena.  -Det er en fortelling om en kvinnes hemmeligheter. Men mest av alt handler det om hvem våre hemmeligheter gjør oss til, seier Liv Ullmann. 

Fortolige samtaler er scenekunst på livet laus, og ingen vil gå uberørt frå dette møtet med regissøren og manusforfattaren Liv Ullmann, og hennar handplukka skodespelarensemble.

Dette er ei samproduksjon mellom Riksteatret og Nationaltheatret.

Varigheit ca 2 t 20 min.

Arrangementdato: 
tor, 22/09/2016 - 19:00
Pris: 
kr 410,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
http://www.billettservice.no/event/fortrolige-samtaler-billetter/477371
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Teater
Servering: 
For bordbestilling i restauranten, tlf: 53695140
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571