Årets store juleeventyr
Ondskapen herskar i Ridderdalen og jula er avlyst. Berre familien Gran kan redda den. Uheldigvis. Dette er ein komedie basert på den suksessfulle julekalenderen, fylt med humor, trolldom og sosialt kløneri.
Mira er djupt bekymra. Jula står for døra og familien har knapt råd til julepynt. Medan Mira gjer sitt beste for å skapa litt julestemning, nyttar storebroren all tida si på å drøyma om prinsesse Eiril i Ridderdalen. Jula for tre år sidan, fann nemleg Mira og Kevin ein hemmeleg Ridderdal full av spanande eventyr, onde trollmenn og prinsesser. Men hola som var inngangen dit raste saman, og sidan har det vore heilt stille. Så ein dag bli ei forfrossen jente funne medvitslaus i skogen og frakta til bygdas sjukehus. Det viser seg å vera prinsesse Eiril - det må ha opna seg ein ny inngang til Ridderdalen, men kva har skjedd der inne? Kan Mira redda jula både for Ridderdalen og familien sin?
Lengde 1 t. 33 min.
Aldersgrense 6 år pga mørke scener og kraftige effektar.


