Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Croods

$
0
0
Teaser: 

Ny fantastisk animasjonsfilm frå DreamWorks - møt familien Crood!

Arrangementdato: 
lør, 2013-04-06 16:00

Croods er ein animasjonskomedie produsert av DreamWorks animation, som også har laga filmar som Shrek 2 og Madagaskar.

Familien Crood legg ut på sitt livs reise då hola som alltid har verna dei mot fare blir øydelagd. Med reisa gjennom eit spektakulært landskap oppdagar familien Crood ei verd full av fantastiske skapningar, og framtidsutsiktene deira blir endra for alltid.

I filmen møter vi heile familien Croods. Pappa Grug er verdas mest hardtarbeidande pappa. For Grug finnast det ikkje helgar, feriar eller sjukedagar. Han held familien i eit vernande jerngrep, og filosofien hans er: "frykt er bra, forandring er farleg!" Men for å verkeleg trygge familien må Grug no lære forskjellen mellom å leve og å overleve. 

Ipp er den opprørske tenåringsdottera i filmen, som prøvar å dra familien sin med seg inn i framtida. Livet må då bestå av noko meir enn å gøyme seg inne i ei hule, tenkjer Ipp. Kor mykje meir livet eigentleg består av merkar familien på kroppen når dei blir tvinga ut på denne reisa.

Dei norske stemmene kjem denne gongen frå mellom anna Atle Antonsen (Grug) og Tomine Harket som Ipp. Elles høyrer vi også Håvard Bakke som Gard, Katrine Blomstrand som Ugga, Erik Skøld som Tunk og Frøydis Armand som "Gamla"!

Filmen er tilleten for alle.

 

MERK! Denne filmen blir vist LAURDAG 6. april, ikkje søndag som i vanlege kinohelgar.

Pris: 
Kr. 80,-
Bilde: 
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 2. april, berre i resepsjonen på Oseana. MERK! Filmen går på laurdag!
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Croods

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571