Bygdekinoen kan melde at Oseana no har vist alle barnefilmar som dei pr. dags dato har tilgjengeleg. Det blir difor eit gjensyn med den ferske helten Rive- Rolf, til glede for nye og gamle kinogjengarar.
Vår helt Rive-Rolf lengtar etter å bli like elska som den Snille Fyren i spelet hans, fixer'n Felix. Problemet er at ingen elskar ein skurk. Men alle elskar heltar! Så når eit moderne skytespel kjem med den beintøffe Sersjant Calhoun, ser Rive- Rolf det som sin sjanse til å oppnå heltemot og lukke. Han lurer seg inn i spelet med ein enkel plan: å vinne ein medalje! Men snart ødelegg han nesten alt, og ved eit uhell slepp han laus ein dødeleg fiende som trugar alle spel på arkaden. Rive- Rolf sitt einaste håp er Vanellope von Schweetz, ein ung bråkmakar- "feil" frå eit kartracing- spel som kan vere nettopp den rette til å læte Rive- Rolf kva det inneber å vere ein Snill Fyr. Men vil han innsjå at han er god nok til å bli ein helt før det er GAME OVER for heile arkaden?
Filmen er tilleten for alle.
