I Disney sitt fantastiske eventyr finn vi historia bak forfattar L. Frank Baum sin populære trollmannkarakter, kjend frå filmen "Trollmannen frå Oz" frå 1939. Oscar Diggs er ein magikar med tvilsame etiske haldningar. Han blir på merkeleg vis kasta ut frå støvete Kansas i Usa, og sendt til det levande landet Oz. Her skal han bli ein stor trollmann. Oscar trur han har vinne Jackpot og ser fram mot berømming og rikdom, inntil han møter dei tre heksene Theodora, Evanora og Glinda. Dei er ikkje overbeviste om at han er den store trollmannen som alle ventar på. Ufrivillig blir han involvert i landet Oz sine episke problem. Oscar må finne ut kven som er dei gode og kven som er dei onde før det er for seint. Ved hjelp av illusjonar, oppfinnsamheit og trolldom forvandlast Oscar ikkje berre til den store trollmannen, men også til eit betre menneske.
Filmen er regissert av Sam Raimi, og på rollelista finn vi mellom andre James Franco, Mila Kunis, Rachel Waisz og Michelle Williams.
Filmen har 11 års aldersgrense og varer i 2t 10min.
