
Valet falt på Roald og Anne Rita Mjelstad. Mjelstad har lang erfaring frå hotell-, mat- og serveringsbransjen, og driv frå før av selskapa Mjelstad Holding AS og Bergen Restaurantkantine AS. Mjelstad vil starte opp cafè-, restaurant-, bar- og cateringdrift i senteret fra slutten av april.
Restauratør og Oseana KF skal samarbeide tett om vidare konseptutvikling av serveringstilbudet. Hovedsatsinga blir cafètilbud på dagtid i senteret si opningstid, restaurant på kveldstid fredag og laurdag, og eit familiekonsept på søndagar. I tillegg skal Mjelstad levere all catering til arrangementa i Oseana. Høg kvalitet, lokale råvarer, service og ei meir intim atmosfære står sentralt i heile konseptet.
Restauratør og Oseana KF vil i tillegg utvikle fleire fellesprodukt med sal av billettar til kulturarrangement i kombinasjon med ulike serveringstilbud, alt frå middag og fingermat til vinpakkar. Ei nyvinning blir også investeringa i en ny "loungebar" i foajeen, for å kunne gi Oseana sitt publikum eit betre tilbod før, under og ikkje minst etter kulturarrangement.
I forbindelse med oppstart søkjer Mjelstad no gode medarbeidarar innan både kokke- og servitørfaget. I tillegg inviterar dei og Oseana KF til ein navnekonkurranse for både cafè- og restauranten i 1.etasje og den nye «loungebaren» i foajeen. Vinnarane vil bli premiert med billettar og middag til ein heilaften i Oseana for 4 personer. Navneforslag kan sendes til astrid@oseana.no. Frist for innsending er 5.april.
Søkarar til heil- og deltidsstillingar knytta til det nye serveringstilbodet i Oseana kan sendast direkte til Roald Mjelstad på roald@mjelstadholding.no.