Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

BIFF: Til månen med bestefar

$
0
0
Teaser: 

Bergen Internasjonale Filmfestival inviterer til filmvisningar på Oseana! 

Fredag 23. september kjem BIFF til Os! På dagtid viser vi dagsaktuelle dokumentarar for skuleelevar, medan vi på ettermiddag- og kveldstid viser utvalde filmar frå årets program for ordinært publikum. Billettar kjøper du i resepsjonen på Oseana. 

Program for dagen er: 

14:30 - Til månen med bestefar

18:00 - Weiner

20:00 - Den allvarsama leken

 

 

Til månen med bestefar

Er det minna som utgjer eit liv?

For David Alræk har den oppfinnsame, livsglade og eventyrlystne bestefaren Kaare alltid vore ein inspirasjon. Når Kaare flyttar inn på sjukeheim med ei demensdiagnose er David redd for at livet hans snart er over, men Kaare drøymer stadig om nye eventyr.

Gjennom store delar av livet hadde Kaare med seg filmkameraet, og gjennom eigne opptak får vi eit innblikk i Kåre sitt liv og minne. David, som fekk sitt fyrste filmkamera av bestefaren då han var 14 år gamal, har følgd i fotspora hans.

Ved hjelp av ei kreativ blanding av nye og gamle opptak fortel Alræk ei historie som strekjker seg over seksti år og tre generasjonar. Sjølv om Kaare sine eigne minne gradvis forsvinn frå han, kan ingen ta frå han humøret og eventyrlysta – eller opptaka. TIL MÅNEN MED BESTEFAR er ein sjarmerande og reflektert dokumentarfilm som utforskar korleis vala vi tek gjer oss til den vi er, og korleis noko heilt nytt kan oppstå når noko vi tek for gitt forsvinn.

Varer i 45 min. 

Noreg / 2016 
MEDVERKaNDE: Kaare Jacobsen, David Alræk
REGI: David Alræk
MANUS: David Alræk
FOTO: David Alræk, Kieran Kolle
PRODUSENT: Elisabeth Kleppe

Arrangementdato: 
fre, 23/09/2016 - 14:30
Pris: 
Kr. 50,-
Bilde: 
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Kino
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571