Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Hakkebakkeskogen ein gong til!

$
0
0
Teaser: 

Til glede for store og små: det blir ei ny framsyning av Hakkebakkeskogen!

Bilde: 

Det var mange skuffa store og små som ikkje fekk seg billett då Riksteatret var her med si oppsetjing av Klatremus og alle de andre dyrene i Hakkebakkeskogen i januar. No får både dei som fekk billett og dei som ikkje fekk det, sjansen til å sjå stykket på ny!

  - Fyllingsdalen teater kjem til Oseana med si eiga oppsetning av Klatremus søndag 5. mai, fortel arrangementssjef Berit Steen.

  - Det var jo så mange som ikkje fekk billett sist, at det var ikkje tvil om vi skulle takke ja då Fyllingsdalen ynskte å vise stykket her, seier Steen, som gler seg til å gje folk sjansen til å oppleve Egner sitt fantastiske univers ein gong til.

  - Dette er eit riktig så bra plaster på såret til dei som ikkje fekk sett det sist. Fyllingsdalen teater spelte dette stykket i fjor haust, i anledning Egner- jubileumsåret.  Dei hadde stor suksess, over 5.000 publikummarar såg stykket og dei fekk strålande kritikkar i både Bergens Tidende og Bergensavisen, seier Steen, som også denne gongen oppmodar folk til å ikkje vente for lenge med å kjøpe billettar.

  - Det er stor sjanse for at desse billettane kjem til å gå like fort unna som dei førre gjorde, så ver tidleg ute dersom du vil sikre deg plass!

Billettsalet startar tysdag 5. februar kl. 09.00. Billettane kan du kjøpe i resepsjonen på Oseana, på Posten, Narvesen eller 7 Eleven, eller du kan bruke denne linken for å kjøpe billettar via Billettservice. For å lese meir om arrangementet kan du trykke her.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


tagalog love Quotes – Tiwala Quotes


Boy Banat Patama Tagalog Love Quotes for you


Inggit Quotes and Kabit Quotes – Tagalog Patama Quotes


INUMAN QUOTES


kasama kang tumanda


RE: Mutton Pies (frankie241)


EASY COME, EASY GO


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Girasoles para colorear


Gwapo Quotes : Babaero Quotes


Patama tagalog quotes – Move On Quotes


Ligaw Quotes – Courting Quotes – Sweet Tagalog Quotes


Tropa Quotes


Hugot Lines 2020 Patama : ML Edition


Re:Mutton Pies (lleechef)


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.