Oseana søkjer kunstformidlar/ utstillingskurator.

Då vår noverande kunstformidlar/ kurator har flytta til Austlandet, søkjer vi no etter ein ny person som skal føre vidare utviklinga av kunstdelen i senteret.
Bakgrunn og eigenskapar:
Vi søkjer ein person med høgare utdanning innan kunsthistorie, som skal ha det faglege ansvaret for kunsten. Du skal leie og vere pådrivar for utviklinga av kunsthuset Oseana, derav Griegsamlingen og Hvelvet.
Stillinga har rom og moglegheiter for å skape nye konsept og for å sette nye, kreative idear ut i live. Du har tankar kring korleis kunstdelen av senteret kan vidareutviklast til å bli endå betre, og jobbar tett saman med leiinga med å gjere Oseana til eit endå meir ettertrakta kunsthus.
Stillinga inneber også kunstformidling og foredragsseriar mot publikum i alle aldrar, inkludert den kunstnariske delen av Oseana sitt skuleprogram, Friskunst.
I tillegg til faglig kompetanse vil det bli lagt vekt på gode evner kring samarbeid og evne til sjølvstendig arbeid.
Stillinga er ei prosjektstilling over 2 år.
Stillingsprosent: 70%
Løn etter avtale.
SØKNADSFRIST ER 07.10.2016
Spørsmål kan rettast til direktør Ole Tobias Lindeberg | ole@oseana.no | 932 57 024