Fredag 23. september kjem BIFF til Os! På dagtid viser vi dagsaktuelle dokumentarar for skuleelevar, medan vi på ettermiddag- og kveldstid viser utvalde filmar frå årets program for ordinært publikum. Billettar kjøper du i resepsjonen på Oseana.
Program for dagen er:
14:30 - Til månen med bestefar
18:00 - Weiner
20:00 - Den allvarsamma leken
Den alvarsamma leken
Ei ny filmatisering av den store svenske nasjonalromanen!
Ikkje lenge etter at den unge journalistspiren Arvid Stjärnblom kjem til Stockholm for å arbeide i ei avis møter han Lydia Stille, som er dotter av ein kjent landskapsmålar. De to forelskar seg umiddelbart, men på starten av 1900- talet ligg ikkje forholda til rette for at to ubemidla unge menneske skal kunne gifte seg for kjærleikens skuld. Såra og forbitra inngår dei kvart sitt fornuftsekteskap og ser ikkje meir til kvarandre, før dei ti år etter møtast igjen ved ein tilfeldigheit. Tida har imidlertid ikkje lagt nokon dempar på lidenskapen deira, og dei to innleiar eit hemmeleg forhold.
Den alvarsamma leken er basert på ein roman av Hjalmar Söderberg frå 1912, og er blitt filmatisert to gongar tidlegare, sist i Anja Breien sin versjon frå 1977. Spørsmålet om kor vidt mennesket kan oppleve ekte kjærleik er like relevant i dag som for hundre år sidan, og i filmskapar Pernilla August si drakt har Söderberg sitt drama fått ei tidsriktig oppdatering, som like fullt er tru mot originalen. Ta del i haustens store kjærleiksdrama!
Varer i 1t 55min
Norge / Sverige / 2016
SPRÅK: norsk/svensk
UNDERTEKSTER: engelsk
MEDVIRKENDE: Sverrir Gudnason, Karin Franz Körlof, Sven Nordin, Michael Nyqvist, Sverrir Gudnason, Liv Mjones, Mikkel Boe Folsgaard, Goran Ragnerstam
REGI: Pernilla August
MANUS: Lone Scherfig, etter en roman av Hjalmar Söderberg
FOTO: Erik Molberg Hansen
PRODUSENT: Patrik Andersson, Frida Bargo, Fredrik Heinig


