Hans-Wilhelm Steinfeld
Han har blitt servert kaffi av Putin, drukke vodka med Jeltsin, og han har kjent Gorbatsjov sidan 1975. Hør Hans-Wilhelm Steinfeld fortelja om sitt fantastiske liv som korrespondent i Russland og på Balkan.
Om du interesserer deg for historie, politikk og kraftfulle anekdotar er dette foredraget midt i blinken for deg - Steinfeld har levd og ånda for Russland, internasjonal storpolitikk og kritisk journalistikk i heile sitt liv.
Denne kvelden byr Hans-Wilhelm deg opp til eit foredrag du seint vil gløyma, og kanskje tek han ein trall russisk folkemusikk?
Steinfeld arbeidde som Moskvakorrespondent i NRK i 37 år. Han var NRK-korrespondent i Moskva i 18 år, og har vore NRK sin korrespondent på Balkan med sete i Budapest og Beograd. Steinfeld er utdanna lektor i sovjetrussisk og økonomisk historie (Cand.philol) frå Universitetet i Bergen, og han studerte i Warszawa, Sarajevo og i Moskva i 1975. Han har i årevis forelese på NHHs Executive Master courses i internasjonalt lederskap. Hans-Wilhelm Steinfeld har utgitt 12 bøker, og han er tildelt Cappelenprisen, Peer Gynt-prisen, Narvesenprisen, Skandinaviska Journalistprisen og er innehaver av Litauens frihetsmedalje.
MIDDAG ELLER LUNSJ I SAMBAND MED FOREDRAGET?
Du kan tinga bord hjå Oseana Kafe og Restaurant på tlf. 53 69 51 40
Følg vårt arrangement på facebook.


