Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Book of Love

$
0
0
Teaser: 

Med Helge Jordal, Tor Endresen og Hilde Økland

Ein vakker konsert med heilt nye klassiske perler! 

Til denne konserten tek Tor Endresen og Helge Jordal fram ei rekke vakre tekstar og låtar saman med Hilde Økland. Med bakgrunn i deira nye album; Book of Love, leverer dei eit tidlaust og episk landskap sett saman av mange av dei mest kjende kjærleikssongane og fleire nye musikalske perler.  

Tor Endresen har saman med Are Selheim komponert ei rekke melodiar som ikkje tidligare er gjevne ut. Her er songar som har fått helt ny drakt, som Rainsong skreve av Tor Endresen, og låtar som du vil kjenne igjen, men no med tekst, slik som Svalbardtema frå Orions Belte av Bøhren & Åserud.

 

Tor Endresen er kjend og kjær for dei fleste, og her syng han toner som verkar skreddarsydd for stemma hans.

Helge Jordal er skodespelaren som har ordet i si hand, og no skal han også synge. Han har med seg Orions Belte med ny tekst, og bind heile programmet saman med ord som skildrar sjølve livet og som blir til sider i Book of Love.

Hilde Økland frå Austevoll har alltid sunge, og har ei varm og vakker stemme. Ho syng gjerne duettar med Tor Endresen, og det til stor glede for publikum.

Petter Anthon Næss er kapellmeister og produsent og har med seg eit knippe med musikarar. Han er og ein bereist og musikalsk herremann, som jobbar med dei fleste av dei beste.

 

Velkomen til ein varm og fin konsert denne kvelden!

MIDDAG FØR FORESTILLING?
Kvifor ikkje kombinere ditt kulturarrangement med ein middag før eller etter forestilling? Ring vår restaurant på 53 69 51 40 for menyar, prisar eller bordbestilling idag! 

 

Følg vårt arrangement på facebook

Arrangementdato: 
fre, 15/09/2017 - 19:00
Pris: 
380.-
Bilde: 
Kjøp billett: 
http://www.ticketmaster.no/event/book-of-love-tickets/541403?language=en-us
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Konsert
Servering: 
For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571