Myrna Braza, House by the Lake & Woodland Circus
Med sjangeren indie-folk tek House By the Lake publikum med på ei storslått konsertoppleving. Debutalbumet «Woodlands» vart sleppt til strålande meldingar, og no er bandet endeleg tilbake med oppfølgjaren.
Om debutalbumet:
Terningkast 5: “Rent trav og historisk fingespissfølelse på House by the Lake sin debut” - Bergens Tidende
“Debutalbumet til House by the Lake er helt klart verdt å merke seg!” - Thomas Felberg
“Vakre melodilinjer og harmonier på rekke og rad” - Gaffa
“Vakker og harmonisk melodisang” - Hissig.no
Sondre Strandskog (gitar, munnspel, vokal)
Jørgen Stangeland Bach (bass, trompet)
Mats Halvorsen (gitar, pedal, steel)
Jarle Håland (trommer, perkusjon)
Musikkvideo ‘Hollow’:
https://www.youtube.com/watch?v=HDJz1QjBoKU&t
Spotify: https://play.spotify.com/artist/0dxMeWPUaKZInTKoIUUijw
Soundcloud: https://soundcloud.com/house-by-the-lake
Myrna Braza har ved fleire høve blitt kalla Bergen si souldronning! Ho har turnert mykje, og opptrådt mellom anna på Quartfestivalen, NRK Lydverket, Bergen Live Sessions, Osfest og Beat for Beat. Myrna sin musikk er ei herleg blanding av pop, soul, funk, R&B og jazz, med eit låtregister som spenner fra balladar til «foorfillers».
Høyr musikk frå Myrna:
https://www.myrnabraza.com/music
Woodland Circus er eit spennande folkband frå Bergen. Stamma i bandet består av den skaparglade duoen Ella Helén Bukkøy og Ingjerd Tranvåg, som med det eminente backingbandet gjer alle konsertar til ei ny og unik oppleving! Inspirert av Simon & Garfunkel, Bon Iver, Fleet Foxes og Laura Marling, er dette ei gruppe som må opplevast live!
Ella Helen Bukkøy (fiolin, banjo, mandolin og vokal)
Ingjerd Tranvåg (gitar og vokal)
Mats Halvorsen (gitar og pedalsteel)
Jarle Håland (perkusjon)
Jørgen Stangeland Bach (bass)
Høyr musikk frå Woodland Circus:
Følg vårt arrangement på facebook.
KVA MED MIDDAG FØR KONSERTEN? Ring 53 69 51 40 for bordbestiling hjå restauranten.


