Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Kinobillettar på nett!

$
0
0
Teaser: 

No får du kjøpt billettar til Bygdekinovisningane på nett, og med seteplassering!

Bilde: 

  - Både det å kunne kjøpe billettar over nettet og det å kunne velje sete sjølv er noko publikum har etterspurt sidan Bygdekinoen starta visningane sine her i Oseana, fortel kulturhusvert Janne Mari Hjelle. - Det er difor no veldig gledeleg at vi kan tilby dette til kinopublikummet vårt! 

Oseana har i samarbeid med Bygdekinoen inngått eit samarbeid med billettselskapet TicketCo, og gjer no eit prøveprosjekt der ein både kan velje sete og kjøpe billettane via internett. På nettsida www.ticketco.no kan du søkje opp Oseana og få opp ei liste over kva arrangement du kan kjøpe billettar til. Sida er enkel å bruke, ein vel plassar ut i frå eit salkart og betalar med bankkort via systemet Nets, som er eit av dei mest brukte betalingssystema ved nettkjøp. Frå og med i dag, måndag 29. april, kan du kjøpe billettar til filmane Pelle Politibil og Iron Man 3, som har visning 12. mai. 

-Enkelt forklart så søkjer du opp Oseana, vel arrangement, trykkjer på salkartet kor mange og kva plassar du vil ha, betalar med bankkort og får billettane tilsendt på mail. Kvar billett har ein unik QR- kode, som er ein liten svart og kvit firkant. Denne koden blir scanna i døra når ein går inn i kinosalen. Ein kan anten velje å skrive ut billettane på papir, eller vise fram mailen på telefonen, forklarar Hjelle, som forsikrar at for dei som er usikre på dette, er det framleis råd å kjøpe billettar i døra på god, gamaldags måte. 

  - Vi kjem til å selje kinobillettar i resepsjonen slik som vi alltid har gjort, både på førehand og på kinodagen. 

Ei ulempe som det nye systemet fører med seg, er at prisen på kinobillettar no kjem til å stige med kr. 10,- pr. billett. 

  - Det kjem på ei avgift på kr. 10,- på alle billettar ein kjøper, uansett kor mange ein kjøper eller kvar ein kjøper billetten hen. Dette er dessverre prisen publikum lyt betale for at ordninga skal over på nett, beklagar Hjelle. 

I fyrste omgang vil ordninga med nettkjøp gjelde dei to kinosøndagane som er att på våren, 12. mai og 9. juni. Etter dette vil det i samarbeid med Bygdekinoen bli vurdert om ein skal halde fram med ordninga også til hausten.

-Vi er veldig interesserte i tilbakemeldingar frå publikum på kva dei tykkjer om systemet! Dette vil også bli vektlagt når vi skal bestemme oss for om vi skal vidareføre ordninga.

Hjelle lovar å hjelpe alle med å få kjøpt billettar.

-Vi kjem til å legge ut ei detaljert forklaring på korleis ein går fram i billettkjøpprosessen på våre heimesider, seier Hjelle, som oppmodar alle til å prøve å kjøpe billettar over nett, og teste ut det nye systemet.  - Det er eit brukarvenleg system som vi håpar publikum kjem til å like.

Detaljert forklaring på billettkjøp finn du her.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Dibujos para colorear de Ben 10


Sapos para colorear


Confidence Quotes – Confident Quotes


Problema Quotes – Pera Quotes


Tagalog Quotes About Crush – Tagalog Love Quotes


Ligaw Quotes – Courting Quotes – Sweet Tagalog Quotes


INUMAN QUOTES


Re:Mutton Pies (lleechef)


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Pokemon para colorear


Girasoles para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


tagalog love Quotes – Tiwala Quotes


Tagalog Love Quotes – Nagmamahal


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


5 Tagalog Relationship Rules


Best Love Life Quotes Collection


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.