- Gå inn på sida www.ticketco.no
- Søk opp Oseana i søkefeltet du finn midt på sida
- Vel kva kino du vil kjøpe billettar til, og trykk på den gule knappen med "Kjøp billett" til høgre.
- Du får no opp eit salkart som viser Oseanasalen. Trykk på det/dei seta der du ynskjer å sitte. Det vi då visast til høgre på sida under fana "Valgte billetter" kor mange billettar du har trykka på, og kva sete du har valt. Vil du fjerne dei billettane du har bestilt, kan du trykkje på det vesle raude krysset som står ved kvar billett. Når du er ferdig trykkjer du så på den gule "Kjøp billett" igjen.
- Du får no opp ei oversiktsside med kor mange billettar du har bestilt. Dersom antalet stemmer, trykkjer du på knappen "Gå videre". (Dersom noko er feil, kan du gå ei side tilbake i nettlesaren din og gjere bestillinga på ny. )
- Det vil no kome opp rubrikkar der du må fylle inn namn, etternamn og e-postadresse. Merk at e-posten du skriv inn her, er den e- posten billettane dine vil bli sendt til. Trykk så "Vennligst fortsett".
- Det kjem no opp like mange linjer med rubrikkar som du har bestilt billettar. Dette er fordi dersom du t.d. kjøper billettar for andre, kan du sende deira billett direkte til deira sin e- post. Rubrikkane er automatisk utfylde med namnet du fylde inn på førre punkt. Dersom du ikkje vel å endre noko namn vil alle billettane bli sendt til din eigen e- post som du allereie har fylt ut.
- Trykk no på "Betal"- knappen. Du blir då sendt vidare til betalingsløysinga, der du må betale med bankkort, anten Visa eller eit kredittkort.
- Etter at betalinga er fullført kjem det opp ei side som bekreftar at billettkjøpet ditt er fullført. Billettane er no sende på mail til den/dei adressene du har gjeve opp. Merk at det kjem ein mail pr. billett, det vil seie at har du kjøpt fem billettar, vil du få fem unike mailar.
- Du kan velje å anten skrive billetten ut på papir, eller dersom du har ein smarttelefon, ta med deg mailen på telefonen. QR- koden på billetten din vil bli scanna i det du går inn i salen, og kan ikkje brukast meir enn ein gong.
↧
Hjelp til billettkjøp
↧