Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

RIKSTEATRET: Folk og røvere i Kardemommeby

$
0
0
Teaser: 

Thorbjørn Egner

Folk og røvere i Kardemomme by
Av Thorbjørn Egner. Regi Kim Haugen.

 

Det blir fest i Kardemomme by. Og du er invitert!

I Kardemomme by bur gamle Tobias, pølsemakaren, trikkeførar Syversen og barberar Sørensen. Tommy og tante Sofie og vesle Kamomilla. Og politimeister Bastian som aldri har lyst til å arrestere nokon. Rett utanfor byen bur det tre røvarar som heiter Kasper, Jesper og Jonatan. Dei har også lyst til å vere med.

Har du hugsa å vaske øyra dine? Då kan du trygt ta med deg barna på Riksteatrets oppsetning av Folk og røvere i Kardemomme by - ei teaterframsyning full av energi, humor, dans og masse musikk. Du kjem til å møte ein frekk papegøye, ein talande kamel og ei løve som er glad i mjølkesjokolade. Bli med inn i verda til Egner og opplev den magiske teaterstemninga på kulturhuset der du bur.  Røvarane gler seg til å helse på barna som kjem på besøk.

 

Med Kim Haugen i registolen og eit ensemble fylt av unge, nye talent ønskjer vi å innlemme ein ny generasjon i den felles kulturarven vår.  Ja, vi elskar Thorbjørn Egner!

 

Premiere i Nydalen, Oslo 2. november 2017
Turnépremiere på Nøtterøy 7. november 2017

På turné med Riksteatret til 70 stader over heile landet

 

Regissør: Kim Haugen. Scenograf og kostymedesignar: Siri Langdalen. Med Siren Jørgensen, John Sigurd Kristensen / Morten Røhrt, Jonas Rønning, Linda Tørklep, Jon Rørmark / Tor Ivar Hagen, Morten Røhrt / Lars Helge Throndsen, Olli Wermskog / Mathias Luppichini, Mats Holm / Øyvind Boye Løvold, Mikkel Niva / Erik Schjerven, Carina Furseth, Theodor Hellwig, Jan Huse.

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Hålogaland Teater.

 

Speletid: ca. 2 timar (inkl. pause).

Arrangementdato: 
tir, 06/02/2018 - 18:00
Pris: 
Ord. 255,-/BT 205,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/folk-og-rovere-i-kardemomme-by-tickets/538907?...
Arrangør: 
Riksteatret
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Born familie
Servering: 
Middag før forestillingen? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571