Thorbjørn Egner
Folk og røvere i Kardemomme by
Av Thorbjørn Egner. Regi Kim Haugen.
Det blir fest i Kardemomme by. Og du er invitert!
I Kardemomme by bur gamle Tobias, pølsemakaren, trikkeførar Syversen og barberar Sørensen. Tommy og tante Sofie og vesle Kamomilla. Og politimeister Bastian som aldri har lyst til å arrestere nokon. Rett utanfor byen bur det tre røvarar som heiter Kasper, Jesper og Jonatan. Dei har også lyst til å vere med.
Har du hugsa å vaske øyra dine? Då kan du trygt ta med deg barna på Riksteatrets oppsetning av Folk og røvere i Kardemomme by - ei teaterframsyning full av energi, humor, dans og masse musikk. Du kjem til å møte ein frekk papegøye, ein talande kamel og ei løve som er glad i mjølkesjokolade. Bli med inn i verda til Egner og opplev den magiske teaterstemninga på kulturhuset der du bur. Røvarane gler seg til å helse på barna som kjem på besøk.
Med Kim Haugen i registolen og eit ensemble fylt av unge, nye talent ønskjer vi å innlemme ein ny generasjon i den felles kulturarven vår. Ja, vi elskar Thorbjørn Egner!
Premiere i Nydalen, Oslo 2. november 2017
Turnépremiere på Nøtterøy 7. november 2017
På turné med Riksteatret til 70 stader over heile landet
Regissør: Kim Haugen. Scenograf og kostymedesignar: Siri Langdalen. Med Siren Jørgensen, John Sigurd Kristensen / Morten Røhrt, Jonas Rønning, Linda Tørklep, Jon Rørmark / Tor Ivar Hagen, Morten Røhrt / Lars Helge Throndsen, Olli Wermskog / Mathias Luppichini, Mats Holm / Øyvind Boye Løvold, Mikkel Niva / Erik Schjerven, Carina Furseth, Theodor Hellwig, Jan Huse.
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Hålogaland Teater.
Speletid: ca. 2 timar (inkl. pause).


