Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

A Queen tribute: «Friends will be friends»

$
0
0
Teaser: 

Os Kammerkor og Kor Camena

Os kammerkor og Kor Camena inviterer til konsert med den flotte musikken til Queen.

20.januar 2018 blir det konsert i Oseana der dei skal synge songar frå Queen sitt rikholdige repertoar!

 
Os kammerkor er eit kor som har sunge saman sidan 1973. Koret har vore med på å setja sitt preg på musikklivet i Os. Dei har hatt konsertar i både inn og utland. Koret blir dirigert av Ann Elisabeth Tveit.

Kor Camena er eit kor frå Haugesund som består av 35 songglade damer og menn. Repertoaret til koret er bredt, med alt frå muntre og enkle songar, til meir utfordrande stykke. Koret har hatt fleire prosjekt og konsertar både innanlands og utanlands. Koret blir dirigert av Karina Lange.

 

Kor Camena samarbeidar med solist Ole Andre Westerheim, bandet Just 4 you og Os Kammerkor.

Ole André Westerheim er 25 år og frå Fitjar, og har gjort fleire Queen tributar tidlegare.
 

Bandet Just 4 you er frå Kopervik, blei danna i 1994 og består av

Sten Arve Nornes - Keyboards
Jan Einar Haaland - Trommer
Roger Pedersen - Gitar
Karl Erik Lie - Bass

 

WE WILL ROCK YOU!

 

MIDDAG FØR KONSERTEN: Ring Oseana Kafé og Restaurant for menyar, prisar og bestilling av bord på 53 69 51 40.

Arrangementdato: 
lør, 20/01/2018 - 19:30
Pris: 
350,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/friends-will-be-friends-tickets/556009?languag...
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Konsert
Servering: 
Middag før konserten? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571