Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

LATTER LIVE - på turné!

$
0
0
Teaser: 

Suksessen er tilbake i Oseana!

ÅRETS JULEGåVETIPS!

Stand Up Norge presenterer:
«LATTER LIVE – på turné!»
Jonna Støme, Christer Torjussen og Halvor Johansson med fleire!

Dei siste åra har mange fått med seg «Latter Live» på NRK.
I dette programmet fekk landets ledande standup-komikarar lov til å boltre seg i beste sendetid frå Latter på Aker Brygge.
Se meir her: https://tv.nrk.no/serie/latter-live 

Desse sesongane hadde i gjennomsnitt 6-800.000 sjåarar kvar veke og har gitt standup-sjangaren eit oppsving på live-scenar over heile landet.
No har du moglegheiten til å få med deg denne suksessen i levande live, når fire av dei mest populære komikarane frå stand up-scena legg ut på turné med sceneproduksjonen kjend frå TV. På same tidspunkt for eitt år sidan fylde dette konseptet kulturhuset til randen med publikum i alle aldre og til stormande jubel. Dette blir eit forrykande standup-show!

FLEiRE KOMIKARAR BLIR BEKREFTA FORTLØPANDE – FØLG MED PÅ VÅR HEIMESIDE!

 

JONNA STØME:

Sidan debuten i 2000 har Jonna Støme gjort suksess som komikar landet rundt. Han trivst foran publikum, noko som visar seg i hans sjølvsikre, energiske og svært morosame vesen. Jonna har ei unik evne til å finne dei bittesmå tinga i kvardagen som vi alle kjenner oss igjen i og bles dei opp til uante proporsjonar. Han har også vore på fleire omfattande turnéar, med m.a. Thomas Giertsen, Harald Eia, Linn Skåber, Atle Antonsen og Espen Eckbo. I 2010 blei Jonna nominert til Komiprisen for forestillinga «Fargerikt Faenskap» i kategorien Beste Stand Up Artist.  Støme har i tillegg lang fartstid som TV-fjes, programleiar, produsent og tekstforfattar. Nett no er han aktuell som fast programleiar for stand up-showet «Uten Grenser» på Comedy Central.

CHRISTER TORJUSSEN:
Christer Torjussen er ein av veteranane på den norske standupscena med over 17 års fartstid I humorfaget. Han er utdanna tekstforfattar ved Westerdals Reklameskole, har vore med på fleire oppsettingar i regi av Stand Up Norge - som m.a. publikumssuksessen «Julelatter 2015», samt ei rekke sommershow og turnéar sidan debuten. I tillegg har han motteke Komiprisen for beste standup, Stå opp-prisen og blei kåra til Stand Up Mester under Reis Deg Komikerklubb sin festival. I 2017 er han aktuell med soloshowet «Drittpappa», som har høsta strålande kritikkar og fleire seksarar på terningen. Tobarnsfaren er fast komikar på Latter og hans varemerke er standup med høg gjenkjenningsfaktor og sjølvironi. Som ein anmeldar skriv: «Christer Torjussen har underholdt landets befolkning i en årrekke, og det har skaffet ham materiale nok til å holde det gående hvor lenge som helst for hvem som helst. Torjussen er den rene mitraljøsen, og poengene renner ut i raskt tempo, noe publikum viste å sette pris på.».

HALVOR JOHANSSON:
Halvor har gjort stor suksess på humorscenar over heile landet på rekordtid. Han er ein av dei yngste, faste konferansierane Latter brukar og har vunne fleire prisar for sin standup. Vinteren 2016/2017 spelte han over 60 forestillingar med «Lattergalla» på Latter si hovudscene med navn som Otto Jespersen, Jon Niklas Rønning og Hans Morten Hansen. Til dagleg er Halvor ankeret i morgonshowet «Stå opp» på den svært populære radiokanalen Radio Rock, og dei har mange tusen faste lytterar kvar dag. På slutten av 2017 er han aktuell med «Julelatter 2017» på Latter, Aker Brygge saman med Bjørn-Henning Ødegaard og Vidar Hodnekvam. Med naturleg sceneautoritet og sjarmerande framtoning får Halvor publikum i alle aldre til å vri seg i latter. 

Så kjære publikum – ta godt imot: LATTER LIVE – direkte frå Oseana!

 

Kombinér med ein betre middag hjå Oseana Kafé og Restaurant - ring 53 69 51 40 for bordbestilling, meny og prisar.

Arrangementdato: 
fre, 16/03/2018 - 19:00
Pris: 
Ord. 460,-/Student 380,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/latter-live-pa-turne-tickets/555993?language=e...
Arrangør: 
Stand Up Norge
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Humor
Servering: 
Middag før eller etter showet? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571