Karpe Diem
Karpe Diem tek farvel med Montebello på det store lerretet.
Det er på tide å sei adjø til Karpe Diem sitt Montebello. Sidan november 2015 har det musikalske og visuelle prosjektet «Heisann Montebello» bydd på 7 fantastiske låtar, 7 ambisiøse musikkvideoar, ein lang turné og storslagne liveshow med tre utselde Oslo Spektrum.
No er det klart for den store finalen på kino helga 7.- 10. november når det heile blir avslutta med filmen Adjø Montebello. Bygdekinoen i Oseana er ein av dei utvalde kinoane som får visa denne filmen, og det skjer torsdag 7/12.
«Adjø Montebello» er ei reise gjennom Karpe sitt innhaldsrike univers. Store musikalske opplevingar, velkjende karakterar og nye eventyr blir veva saman i ein film ulikt noko anna du har sett. Det blir også introdusert heilt ny musikk!
Vær med på å sei adjø til Montebello på Bygdekinoen i Oseana!
Filmfakta
Premiere: 07.12.2017
Originaltittel: ADJØ MONTEBELLO
Genre: Eksperimentell
Regi: Thea Hvistendahl
Skodespelarar: Chirag Rashmikant Patel (Apen), Magdi Ytreeide Abdelmaguid (Kjeften), Andreas Rand, Rolf-Christian Lie Loberg, Jonatan Blode, Oda Felicia Bardal Sigstad Abdelmaguid.
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Lengde: 1 t. 39 min.
Begrunning: Antatt aldersgrense 12 år. Filmen er foreløpig ikkje aldersklassifisert av Medietilsynet.
Billettar kjøpast i resepsjonen i Oseana. Kan ikkje førehandsreserverast.


