Av Arthur Miller
Foto: Jo Michael
Prisen
Av Arthur Miller
Omsett av Torstein Bugge Høverstad
Får vi det livet vi fortener?
Arthur Miller er ein av USA sine viktigaste og mest populære dramatikarar. Miller står dessutan tydeleg i tradisjonen etter Ibsen, og har difor ein særleg appell til oss her i landet. I Riksteatret si oppsetjing møter du Kim Haugen, Helge Jordal, Iren Reppen og Per Frisch. Prisen blei nyleg sett opp på Broadway med Danny DeVito i ei av rollane og Obama på besøk!
To vaksne brør møtest for å fordele det som står att på loftet etter den avdøde faren deira. Dei har ikke sett kvarandre på mange år - den eine valde plikta, den andre karriera. Yngstebroren har med kona, som håpar denne arven kanskje betyr byrjinga på noko nytt. Og så har dei fått tak i ein gammal brukthandlar for å få arvegodset verdsett. Men denne brukthandlaren har levd eit langt og omskifteleg liv. Han veit at det sjeldan er samsvar mellom prisen du betalar og verdien av det du får.
Prisen er eit intenst kammerspel for fire menneske som kvar på sitt vis har prøvd å vere tru både mot eigne moglegheiter og mot krava frå omverda. Men: Har dei betalt ein for høg pris for livsvala dei har tatt? Det er spanande, det er opprivande – og det er underhaldande!
Med denne oppsetjinga skal Riksteatret by på teater med ein vittig, engasjerande og utfordrande tekst, gjort levande av fire store skodespelarpersonlegheiter, signert regissør Kjetil Bang-Hansen. Det er når prosjekt som dette kjem på besøk til heile landet, at Riksteatret både blir unikt og nødvendig.
Speletid: 2 t og 20 min (inkl. pause)
Premiere i Nydalen, Oslo 9. februar
Turnépremiere i Verdal 12. februar
Med Iren Reppen, Kim Haugen, Helge Jordal og Per Frisch. Regissør Kjetil Bang-Hansen Scenograf John-Kristian Alsaker. Ein Riksteater-produksjon.
Til denne forestillinga er det eigne prisar for BT kort, student, born under 16 år og honnør.
MIDDAG før forestilling? Ring Oseana Kafé og Restaurant på 53 69 51 40 for bordbestilling, meny og prisar.


