Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all 1571 articles
Browse latest View live

Julejazz i foajéen

$
0
0
Teaser: 

Marius Neset tek med seg talent frå Voss Jazzskulle heim og jazzar jula inn på Os! 

Arrinfo: 

No har du sjansen til å jazze jula inn på Oseana saman med Marius Neset og gruppa Peace, Love and Swing frå Voss Jazzskule. 

På tampen av semesteret inviterar Voss Jazzskule Marius til Voss for å ha eit prosjekt med skulen sitt flaggskip, bandet Peace, Love and Swing. Dei er ein trio beståande av piano, slagverk og kontrabass, traktert av tre unge talent i alderen 17 til 20 år. Trass i sin unge alder er denne trioen godt på veg til å vere profesjonelle musikarar. Dei har allereie spelt med mange store jazznamn, som Arild Andersen, Mathias Eick, Andy Sheppard og mange fleire. Dei var også vinnaren av UngJazz Prisen på Vossajazz 2012. Dei har spelt på dei fleste jazzfestivalar i Noreg, og i vår spelte dei også i Queen Elizabeth Hall i London. 

Voss Jazzskule prioriterar veldig høgt at elevane deira får anledning å spele med profesjonelle musikarar, og er svært glade for at Marius Neset har anledning til å jobbe med dei. 

Marius treng vel neppe nokon nærare introduksjon. Osingen har, trass sin unge alder, skapt seg eit respektert namn som jazzmusikar i verdsklasse, og har fleire kritikarroste albumutgjevingar bak seg. No kjem han altså tilbake til Oseana, saman med dei unge talenta i frå Voss, for å avslutte haustsesongen på Oseana og spele publikum over i julehøgtida. 

Konserten blir halden i foajéen med avgrensa antal billettar, så her bør du ikkje vente for lenge med å sikre deg billett! 

Arrangementdato: 
lør, 20/12/2014 - 16:00
Body2: 
Pris: 
Kr. 145,-
Bilde: 
Lengde: 
Regi: 
Billettinfo: 
MERK! Avgrensa antal billettar!
Arrangør: 
Arrangement: 
Sal: 
KalenderTittel: 
Julejazz i foajéen
Karuselltittel: 
Julejazz i foajéen
Karusellteaser: 
Marius Neset og talent frå Voss Jazzskule! 20. desember kl. 16.00

ALF - figurteater for dei minste

$
0
0
Teaser: 

Basert på Alf Prøysen sine songar og forteljingar. 

Arrangementdato: 
lør, 24/01/2015 - 15:00

ALF er eit koseleg figurteaterspel med dei to dukkespelarane Boris Rodriguez Hauck og Nina Haga. Gjennom Alf Prøysen sine songar, både dei kjende og dei meir ukjende, blir Prøysen si mangfaldige verd illustrert i eit visuelt spel. Dei to dukkespelarane skapar dei vakraste bilete ved hjelp av ulike materiale, alt frå hattar, flasker, fjør, ballongar, kasseroller og mange andre daglegdagse ting. Fantasien kjenner ingen grenser!

Framsyninga varer om lag 45 minutt, og passar for alle i alderen 3 - 90 år! Ta med mor, bestefar, onkel og minstemann på ei hyggeleg stund i Oseana!  

 

FØRJULSPRISAR FRAM TIL 24. DESEMBER! 

Fram til 24. desember har vi førjulstilbod på utvalde arrangement! Kvifor ikkje gje vekk ei oppleving i julegåve? Stikk innom Oseana og kjøp billettar, eller kjøp dei på www.billettservice.no. Ordinærpris: vaksen kr. 125,- Born kr. 75,- Førjulspris: vaksen kr. 100,- Born kr. 50,- 

Pris: 
Førjulspris! Vaksne kr. 100,- Born kr. 50,-
Bilde: 
Lengde: 
Om lag 45 min
Fleire bilde: 
Billettinfo: 
Førjulspris på billettar fram til 24. desember!
Arrangement: 
KalenderTittel: 
ALF
Karuselltittel: 
ALF - eit figurteater
Karusellteaser: 
Basert på Alf Prøysen si dikting. 24. januar kl. 15.00

Sannes &Ødegaard: Ad Astro 2222

$
0
0
Teaser: 

Knut Jørgen Røed Ødegaard og kona Anne Mette Sannes held astroshow! 

Finnast det andre livsformer på fjerne exoplanetar? Finnast det intelligent liv? Vil vi i so fall nokon gong oppnå kontakt? 

Science-Fiktion-forfattar Anne Mette Sannes og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard tek publikum med på ei reise gjennom tid og rom, besøkjer merkelege planetar rundt fjerne stjerner, vakre gasståker, kolliderande galaksar og svoltne superslurparar!

Vi får oppleve universet gjennom fantastiske bilete, filmar, animasjonar og lydeffekter frå forsking gjort dei siste åra, og astroparet gjev publikum eit innblikk i ei kosmisk framtid med romheisar, store romstasjonar, basar på andre planetar, terraforming av Mars og reiser til fjerne exoplanetar. Kom og finn ut meir om den spektakulære utforskninga av rommet, og ikkje minst korleis framtida sine stjernereiser vil finne stad! Det blir også innslag frå dei utrulege meteorittfalla som har hendt i Noreg dei siste åra, samt i utlandet. 

Etter showet blir det signering av bøker og filmar om verdsrommet, og publikum får sjansen til å halde ekte meteorittar! 

 

FØRJULSPRISAR FRAM TIL 24. DESEMBER! 

Fram til 24. desember har vi førjulstilbod på utvalde arrangement! Kvifor ikkje gje vekk ei oppleving i julegåve? Stikk innom Oseana og kjøp billettar, eller kjøp dei på www.billettservice.no. 

Ordinærpris: vaksen kr. 330,- 

Førjulspris: vaksen kr. 265,-

Born kr. 100,- 

 

DETTE SEIER PRESSA: 

 

Halvannen fascinerende time med en herlig blanding av fakta, fremtidsfiksjon, forskning, bilder og musikkvideoer. Stig Persson, Østlandets blad
Energisk astropar som utfyller hverandre veldig godt. Truls Lereggen, Opdalingen
De formidler det kjempebra, og på en veldig fordøyelig måte . Publikummar
Trollbandt publikum. Trond Sandnes, Folkebladet
Bergtok publikum med en fornøyelig blanding av astrofakta og fremtidsfiksjon. Sigurd Ofsti, Smaalenenes Avis
Begeistret både barn og voksne med blant annet visjoner om romheiser, reising i stjerneskip og menneskelige bosettinger på Mars. Sigurd Ofsti, Smaalenenes Avis
«Milde måne» for et foredrag. Knut Bråthen, Bygdeposten
Glødende om astronomi. Tiril B. Bjørkvold, Drammens Tidende

 

Arrangementdato: 
tir, 27/01/2015 - 19:00
Pris: 
Førjulspris! Vaksne kr. 265,- Born kr.100,-
Bilde: 
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Astroshow med Ødegaard&Sannes
Karuselltittel: 
Ad Astra 2222 - Astroshow
Karusellteaser: 
Med Knut Jørgen Røed Ødegaard! 27. jan kl. 19.00

Lill- Babs

$
0
0
Teaser: 

Oseana tek steget ut i den internasjonale artistverda, og presenterer Lill- Babs for Os! 

I denne intimkonserten får du det beste frå Lill- Babs si karriere som ein av Sverige sine aller største artistar. Vi får høyre korleis ho lærte The Beatles å danse, korleis det var å jobbe med Sammy Davis Jr. og mange andre historier. Dette blir eit show fylt med mange musikalske tilbakeblikk og minner frå både fram- og baksida av scena. 

Barbro Margreta Svensson er fødd i 1938, og har sidan debuten i 1954 vore ein av Sveriges mest kjende artistar, både i heimlandet og i utlandet. Ho har stått på både teater-, revy- og showscener, spelt inn utallige plater og delteke i Melodi Grand Prix. Ho har også vore flittig i TV-ruta, både som gjest og programleiar. I 2004 feira ho 50-årsjubileum som artist med showet 50 år i lyxforpakning i Gøteborg. No er den spreke 76-åringen ute på turné igjen!

 

Pressa seier: 

"Lill-Babs publikkontakt är makalös. Konsertsalen förvandlas som till ett litet vardagsrum. Folk jublar, applåderar, skrattar, rörs till tårar." Aftonbladet 

"Man trodde sig ha koll på det mesta Lill-Babs gjort, men kvällens resa genom årtionden och olika genrer var oväntat imponerande, vilken variation och bredd!"Nerikes Allehanda 

"Förmodligen kan man driva en hyggligt stor småstad på den energi hon alstrar. Hon kör så bara en våt fläck återstår när publiken går hem. Det är vad jag kallar 100 procent show."Kvällsposten

"Det går inte att misslyckas(...). Underhållande, innerligt och med proffsig timing vid levererans av poänger."HD "En kväll fylld av kärlek, värme, närhet och fullt ös..." Gotlands Allehanda

FØRJULSPRISAR FRAM TIL 24. DESEMBER! 
Fram til 24. desember har vi førjulstilbod på utvalde arrangement! Kvifor ikkje gje vekk ei oppleving i julegåve? Stikk innom Oseana og kjøp billettar, eller kjøp dei på www.billettservice.no. 
Ordinærpris: kr. 425,- Førjulspris kr. 375,-

MIDDAG OG KONSERT?
Kvifor ikkje kombinere konserten med ein middag, og gjere det til ein heilaftan? Restauranten tilbyr herlege rettar til gode prisar! Ring 53 69 51 40 for bordbestilling! 

Arrangementdato: 
lør, 07/02/2015 - 19:00
Pris: 
Førjulspris kr. 375,- Ord. bill. kr. 375,-
Bilde: 
Billettinfo: 
Førjulspris på billettar fram til 24. desember!
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Lill- Babs
Karuselltittel: 
Lill- Babs
Karusellteaser: 
Sjølvaste Lill-Babs på Oseana! 7. februar kl. 19.00

Testmeldingosbadet

Aurora Aksnes

$
0
0
Teaser: 

Aurora Aksnes gjer ein av sine få klubbkonsertar i 2015 på Oseana! 

Foto: Bent Rene Synnevåg

Nokon jobbar eit heilt liv for å lukkast med musikkdraumen, andre er fødde til oppgåva. Aurora Aksnes er ein av dei. På nokre korte månader har den unge artisten gått frå å vere ein skjult songskatt til å bli ein av dei artistane det er knytte størst forventningar til, og ikkje utan grunn.

Låta ”Awakening” har allereie blitt kåra til Ukas Urørt på NRK P3 og viser ein artist med ei modenheit få songarar på hennar alder er forunt. Aurora har brukt sommaren 2014 til å turnere på festivalar i Noreg med Øyafestivalen som eit av dei store høgdepunkta. I skrivande stund jobbar ho med sitt debutalbum, som kjem i løpet av 2015, og då skal Aurora lanserast i utlandet. Det er ikkje mange konsertar Aurora skal gjere i Noreg i 2015, men ein av dei er heime på Os, og vi er svært glade for at ho skal stå på scena i Oseanasalen! 

Aurora si musikkinteresse vart vekka av systera sitt pianospel. At ho kunne synge visste ho ikkje før ho tok mot til seg og song på skulen som 14- åring. Responsen frå publikum var litt større enn det ho hadde sett føre seg. ” Å spele for eit publikum som er der for deg er den vakraste kjensla nokon sinne”, sa Aurora til P3 i mars. Då ho hadde gjort unna Oslo- debuten sin på bransjefestivalen by:Larm, formeleg hagla lovorda frå eit kollektivt pressekorps. Dagbladet trilla ein skråsikker seksar på terningen, og skreiv: 

”Med ei klar, spenstig, lett slepande og sår klang har ho full kontroll over sine flagrande fraseringar, ikkje ulikt ein annan bemerkelsesverdig norsk artist som fekk sitt Bylarm- gjennombrot i tidleg alder. Å samanlikne nokon med Susanne Sundfør er så klart dårleg gjort for alle partar ( og sjeldan særleg dekkande), men når ein høyrer Aksnes sitt nydelige vokalarbeid og melodilinjer i ”Runaway” er det vanskeleg å unngå assosiasjonen.”

Deretter konkluderte anmeldaren med at det skulle ikkje vore lov å hatt ei slik stemme når ein berre er 17 år. VG var like rause med karakteren og delte ut sin gyldne seksar under overskrifta ”Til å bli Lykke Li av”, og avsluttar med følgjande linje: ”Så befriande. Så fabelaktig. Så stjerneklart.”
Aurora sin store draum er å bli musikar på heiltid, og kanskje møte Bob Dylan, som saman med Leonard Cohen er hennar store musikalske førebilete. ”Eg er inspirert av måten dei brukar musikken sin på. Tema dei syng om. Dei skriv om ting som betyr noko her i verda og blir høyrde for det.” 

Til P3 beskriv ho musikken sin slik: 
”Mitt største fokus er alltid kjenslene i musikken. Så eg håpar i alle fall folk føler mykje når dei høyrer meg synge. Akkurat no er vel musikken min innanfor ei slags eksperimentell-elektronisk-pop-sjanger. Eg likar veldig godt rare lydar, rar stemning er alltid bra".  

Fyrst Oseana - så verda. Kom og høyr Aurora på heimebane! 
VERGEORDNING
Fordi det blir sal av alkohol under konserten må personar under 18 år kome i følge med ein vaksen, edru person over 25 år. Det skal fyllast ut eit skjema som du får i resepsjonen ved ankomst. Ein kan vere verge for fleire personar samstundes. 

FØRJULSPRISAR FRAM TIL 24. DESEMBER! 

Fram til 24. desember har vi førjulstilbod på utvalde arrangement! Kvifor ikkje gje vekk ei oppleving i julegåve? Stikk innom Oseana og kjøp billettar, eller kjøp dei på www.billettservice.no. 
Ordinærpris: vaksen kr. 305,- Førjulspris kr. 260,-  Student kr. 230,-

Arrangementdato: 
lør, 14/02/2015 - 22:00
Pris: 
Førjulspris kr. 260,- Ord. bill. kr. 305,- Student 230,-
Bilde: 
Billettinfo: 
Kun ståplassar. Vergeordning for personar under 18 år. Supportband frå kl. 21.00
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Aurora Aksnes
Karuselltittel: 
Aurora Aksnes
Karusellteaser: 
Oseanasalen 14. februar kl. 22.00

Staut

$
0
0
Teaser: 

Noregs beste folkrockband! 

Det som starta som ein morosam ide blant ein gjeng musikarar frå Valdres, har vokse til å bli eit veldig populært band med sterkt særpreg, som når langt utover den relativt smale folkrock-båsen alle anmeldarar så gjerne vil putte dei i. Staut gav ut sitt fyrste album i 2010, men slapp for alvor inn i varmen hos norske musikkelskarar i 2012, då dei gav ut andrealbumet "Eigarlaus" som inneheldt hitsingelen "Slepp me inn". Albuma har hausta både 5'arar og 6'arar frå ei samstemt musikkpresse, har seld til gull, og tredjealbumet "Stugureint" gjekk rett inn på fyrsteplass på VG- lista og iTunes si albumliste. I 2013 selde dei til platina for salet av singlane "Sjå Sole" og "Slepp me inn". 

I oktober slapp dei sitt fjerde album, "St. Peppersby", og no er dei ute på noregsturné. 

 "Staut er i toppform og vi gledar oss stort over den stadig veksande fanskara som møter oss på konsertane. Samtidig er vi stolte over å kunne presentere vårt fjerde album, som vi trur fansen kjem til å like veldig godt", seier vokalist Gaute Lein Ausrød.

Staut har eit veldig tett turnéprogram, så at de får tid til å lage nye låtar i tillegg er svært imponerende, ikkje minst med tanke på at ingen i bandet er musikarar på heiltid, alle har fulltidsjobbar på sida! Likevel har dei altså rukke å prudusere eit heilt nytt album, og vel så det: 

"Vi traff ein gjeng etter ein konsert som hadde sett oss spele 19 gongar berre i fjor, så vi har ein del trufaste fans, Men vi håpar og trur at det nye materialet også skal nå ut til folk som ikkje har noko forhold til oss frå før, det er jo alltid målet", avsluttar Gaute. 

Vi gler oss til å få Staut til Os! 

STAUT er: Gaute Lein Ausrød (vokal, gitar), Ørnulf Juvkam Dyve (tangenter, kor), Asle Tronrud (feler,kor), Frode Flatland (trommer, kor) , Dag Arve Sandnes (gitarar, slide), Torgeir Bolstad (kontrabass, kor).

 

FØRJULSPRISAR FRAM TIL 24. DESEMBER! 
Fram til 24. desember har vi førjulstilbod på utvalde arrangement! Kvifor ikkje gje vekk ei oppleving i julegåve? Stikk innom Oseana og kjøp billettar, eller kjøp dei på www.billettservice.no. 
Ordinærpris kr. 325,- Førjulspris kr. 275,-

 

MIDDAG OG KONSERT?

Kvifor ikkje kombinere konserten med ein middag, og gjere det til ein heilaftan? Restauranten tilbyr herlege rettar til gode prisar! Ring 53 69 51 40 for bordbestilling! 


Arrangementdato: 
tor, 19/02/2015 - 20:00
Pris: 
Førjulspris kr. 275,- Ord. bill. kr. 325,-
Bilde: 
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Staut
Karuselltittel: 
Staut
Karusellteaser: 
Folkrockbandet frå Valdres! 19. februar kl. 20.00

Anne Grete Preus solo

$
0
0
Teaser: 

Dronninga av norsk rock! 

Foto: Jørn Veberg

 

Det har vore eit godt år for Anne Grete Preus. I august 2014 vart ho innlemma i Rockheim Hall of Fame, og i september slapp ho sitt tiande soloalbum - Et sted å feste blikket. Sidan oktober har ho vore på noregsturne, og no står Oseana for tur! 
I år kan Anne Grete feire 25 år som soloartist, og ho er kjende for dei fleste nordmenn. Ho har vore i mediebildet sidan ho var med i folkrockbandet Veslefrikk for 35 år sidan, og mange følte nok dei vart endå betre kjende med Anne Grete etter at ho var med i TV-suksessen Hver gang vi møtes. Her fekk sjåarane oppleve nye tolkingar av låtar frå heile karriera hennar, mellom anna Veslefrikk- låta Gi meg en sjanse til. Vi fekk sjølvsagt også versjonar av Fryd, Månens elev og Millimeter, hitlåtar som var med på å gje henne det store gjennombrotet som soloartist på starten av 90- talet. 

 

På Oseanascena møter du henne i det som er kjernen av Anne Grete som artist: Songane, gitarane og den sterke stemma. Lys og scenografi slepp oss inn bak kraftfulle metaforar og sterke melodiar, og let oss møte henne der orda blir til, i undringa over tilfeldigheitene som bles oss vidare på livets veg. Jo meir ein leitar, jo meir kjem til syne når songane frå eit kvart århundre finn nye musikalske uttrykk i ein leiken augneblink. Songar som er destillert liv. At ho kjem frå rocken er det ingen som helst tvil om. Kjærleiken til gitarane har vokse dei siste åra, noko ein tydeleg kan høyre. Dette er ei konsertoppleving for gode scenerom, der vi kan skru visarane av klokka og feste blikket.

Velkomen til ein kveld med Anne Grete Preus! 

 

FØRJULSPRISAR FRAM TIL 24. DESEMBER! 

Fram til 24. desember har vi førjulstilbod på utvalde arrangement! Kvifor ikkje gje vekk ei oppleving i julegåve? Stikk innom Oseana og kjøp billettar, eller kjøp dei på www.billettservice.no. 

Ordinærpris kr. 395,- Førjulspris: kr 345,- 

 

MIDDAG OG KONSERT?

Kvifor ikkje kombinere konserten med ein middag, og gjere det til ein heilaftan? Restauranten tilbyr herlege rettar til gode prisar! Ring 53 69 51 40 for bordbestilling! 

Arrangementdato: 
tor, 19/03/2015 - 20:00
Pris: 
Førjulspris kr. 345,- Ord. bill. kr. 395,-
Bilde: 
Billettinfo: 
Førjulspris på billettar fram til 24. desember!
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Anne Grete Preus
Karuselltittel: 
Anne Grete Preus
Karusellteaser: 
Songane, gitarane og den sterke stemma. 19.mars kl. 20.00

Barco

$
0
0
Teaser: 

Den bergenske nordlendingen Eirik del Barco Soleglad kjem med sitt kritikarroste show Barco! 

Eirik del Barco Soleglad er kanskje den mest bergenske nordlendingen du finn på ei scene i heile Noreg. Eksilnordlendingen har budd så lenge i Bergen at han har starta å heie på Brann! Kjeftamentet går kjappare enn hans eigen skugge, og poenga kjem som perler på ei snor. 

For mange er kanskje Eirik meir kjent frå teaterscena enn frå stand up- scena. Han har vore tilsett både ved Hordaland Teater og ved Den Nationale Scene, der han har medverka i publikumssuksessar som Robin Hoods hjerte, Ulverock og Jungelboken. Han har samstundes vore ein sentral karakter i det bergenske humorliv, mellom anna med sin faste plass i Bergen Inprolaug. Eirik vart fullt fortjent nominert til Komiprisen for det forrige showet sitt "En del Barco en del Soleglad". No gjer han suksess med sitt nye show, der han har hatt halvparten av Ylvis, Bård Ylvisåker i registolen. Showet heiter kort og godt Barco, og hadde premiere på Centralteatret i Oslo hausten 2014. 

I dette showet går tankar om tilhøyrigheit som understraumar i teksten. Barco leitar og leiker seg gjennom særtrekk og merkverdigheiter i parallelle røyndomar, nokon gongar om røyndomar som står langt i frå kvarandre, men oftare som sameksisterande røyndomar, ja nokon gongar endog under same tak. Emne som i opplista for kan lyde som ei rekkje digresjonar, bind Eirik saman som ein naturleg styrt tankeflyt der også omvegane viser seg å ha eit mål. 

Dagbladet kalla showet for ein sosialantropologisk sjarmoffensiv, og berømma Barco med ein soleklar 5'ar på terningen for scenetekket sitt. Anten han snakka om teoriar om Jesu tapte år, om norsk topografi, vêrforholda si innverknad på norske dialekter, om nordnorske eksportartiklar (altså han sjølv) eller om patriotiske sportsprestasjonar, brukar Eirik skodespelarverktya sine raust og generøst. Eit ekspressivt og presist kroppsspråk og ei like presis dialektbevisstheit gjer han til ein uvanleg uttrykksfull og mangesidig komikar. 

Dette er verkeleg eit show du bør få med deg - velkomen til Barco! 

 

FØRJULSPRISAR FRAM TIL 24. DESEMBER! 

Fram til 24. desember har vi førjulstilbod på utvalde arrangement! Kvifor ikkje gje vekk ei oppleving i julegåve? Stikk innom Oseana og kjøp billettar, eller kjøp dei på www.billettservice.no. 

Ordinærpris kr. 350,-  Førjulspris 295,-

 

MIDDAG OG KONSERT?

Kvifor ikkje kombinere konserten med ein middag, og gjere det til ein heilaftan? Restauranten tilbyr herlege rettar til gode prisar! Ring 53 69 51 40 for bordbestilling! 

Arrangementdato: 
lør, 21/03/2015 - 19:00
Pris: 
Førjulspris kr. 295,- Ord. bill. kr. 350,-
Bilde: 
Billettinfo: 
Førjulspris på billettar fram til 24. desember!
Arrangement: 
KalenderTittel: 
BARCO
Karuselltittel: 
BARCO
Karusellteaser: 
Eirik del Barco Soleglad med sitt eige show! 21. mars kl. 19.00

Førjulsslepp med gode prisar

$
0
0
Teaser: 

Nokre av vårens arrangement sleppast i dag med førjulsprisar! 

Bilde: 

I dag slepp Oseana sjå av vårens arrangement i ein gåvepakke til osingane. 

  - Det har jo etter kvart blitt tradisjon at vi slepp nokre kattar ut av sekken før neste sesong startar, og i år er ikkje noko unnatak, smiler arrangementssjef Berit Steen, som stolt kan presentere sju av det ho meiner blir årets høgdepunkt på Oseanavåren. 

  - Vi er opptekne av å lage ei god bredde i programmet vårt når vi programmerer, her skal vere noko for ein kvar smak, seier Steen. 

  - I tillegg har alle desse sju arrangementa førjulspris, det vil seie at billettane er rabatterte frå og med no og fram til julaftan. Så her er det gode moglegheiter for å gjere mange gode julegåvekjøp!

 

Noko for alle generasjonar

Dei sju arrangementa viser noko av breidda Oseana tilstrebar å ha i programmet sitt. Her er det noko for ein kvar smak og generasjon. 

  - 24. januar har vi eit barneteater som heiter Alf, som er bygd på Alf Prøysen sitt univers, medan vi 27. januar får Knut Jørgen Røed Ødegaard og kona Anne Mette Sannes hit med sitt populære astroshow Ad Astra 2222. Dette er eit arrangement der minst tre generasjonar i familien kan gå saman, meiner Steen. 

 

Lokale og internasjonale musikkdronningar

  - På konsertfronten har vi mange godbitar denne våren, og fire av dei er presenterte her. Vi er sjølvsagt svært stolte over at sjølvaste Aurora Aksnes held ein av sine få konsertar i Noreg i 2015 nettopp her på Oseana! Det blir stor stas å få Aurora på Oseanascena 14. februar, seier Steen. 

Og frå ei gryande musikkdronning til ei litt meir dreven, 7. februar står sjølvaste Lill- Babs klar i Oseanasalen. 

  - Lill- Babs er jo nærast for ein institusjon i seg sjølv å reikne! Vi meiner ho har ei minst like stor fan-skare i Noreg som ho har i Sverige, og med hennar driv og scenetekke er dette verkeleg ein konsert å få med seg, seier Steen, som meiner dette må vere årets julegåvetips til foreldre og besteforeldre som "har alt"!

  - I tillegg kjem Vadresgutane i folkrock-gruppa Staut 19. februar, og rockedronninga Anne Grete Preus 19. mars. 

 

Humor med Barco

Humorshow er noko osingane veit å sette pris på, og denne våren er det ein nordlendsk bergensar som skal lokke fram latterkrampene hos osingane. 

  - Eirik del Barco Soleglad er både skodespelar og komikar, og kjend frå både Den Nationale Scene og frå humorgruppa Bergen Improlaug. 21. mars kjem han med sitt nye humorshow Barco, der han har hatt Bård Ylvisåker i registolen. Showet har fått svært gode kritikkar i Oslopressa, så her trur vi osingane har noko å sjå fram til! 

Resten av vårprorgrammet held Steen tett til brystet, heilt fram til 13. desember. Då lovar ho endå fleire godbitar til osingane. 

  - Dette er berre ein prøvesmak. Det er framleis mykje godt i vente, avsluttar ho. 

 

Trykk på titlane i teksten for å kome direkte til omtale, eller sjå oversikt over alle våre arrangement her. Alle arrangementsomtaler inneheld direktelinkar til billettkjøp på Billettservice sine heimesider. Du kan også stikke innom Oseana, Narvesen eller 7Eleven og kjøpe billettar direkte, eller ringe Oseana for bestilling på 917 50 231. 

Bjarne Svanøe - Nye malerier

$
0
0

Bjarne Svanøe er blant det knippet med nålevende kunstnere som er innkjøpt til Griegsamlingen, flere verk av Svanøe er også representert i Grieggården i Bergen sentrum.

Bjarne Svanøe (f. 1954) er opprinnelig fra Florø, og har siden debuten i 1993 hatt en mengde separat- og kollektivutstillinger over hele landet. Svanøe maler i en energisk og koloristisk stil, med en motivkrests som spenner ifra storslåtte naturlandskaper til mer intime snapshots fra gateliv og klubbscener. Hans musikkmotiver er viden kjent, og det er også denne delen av Svanøes kunsterskap som er representert i Griegsamlingen.

Bilde: 
Ingress: 

Billedkunstner Bjarne Svanøe åpner lørdag 22.11.2014 sin første separatutstilling i Galleri Hvelvet. Men ikke dermed sagt at hans bilder ikke er blitt vist her på Oseana før.

Tid: 
Lørdag, november 22, 2014 - 09:15 til Fredag, desember 19, 2014 - 09:15

Bjarne Svanøe - Nye malerier

$
0
0
Teaser: 

Velkommen til utstillingsåpning i Galleri Hvelvet. Kl. 14.00. Enkel servering.

Arrangementdato: 
lør, 22/11/2014 - 14:00
Bilde: 
Billettinfo: 
gratis
Arrangement: 

Kunstomvising: Gunnar Danbolt

$
0
0
Teaser: 

Bli med Gunnar Danbolt på omvising i Griegsamlingen!

Arrangementdato: 
søn, 23/11/2014 - 12:00

Professor emeritus Gunnar Danbolt treng vel ingen nærare presentasjon. Kunsthistorikaren har ein særeigen posisjon innanfor kunstfeltet i Noreg, og Oseana har vore så heldige å kunne tilby omvisingar med Gunnar før. Det kan vi også denne hausten!

To søndagar i år, 26. oktober og 23. november kan du få omvising i Griegsamlingen med Gunnar Danbolt. Omvisingane vil vare i omlag 45 min, og etter dette kjem du til å sjå bileta i Griegsamlingen med nye auge, og garantert med meir kunnskap enn du hadde før!

Temaet denne gongen er den moderne kunsten i Griegsamlingen. 

Avgrensa antal plassar!

Pris: 
Ord.bill kr. 150,- BT-kort kr. 120,-
Bilde: 
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Gunnar Danbolt kl. 12.00

Utleigelokale

$
0
0
Bilde: 
Tid: 
Mandag, november 17, 2014 - 10:45
Melding: 
Vi har lokale for møte, seminar og selskap.

Smakebitar frå våren 2015

$
0
0
Bilde: 
Tid: 
Tirsdag, november 18, 2014 - 17:00 til Onsdag, november 18, 2015 - 17:00
Melding: 
Sjå www.oseana.no for meir info!

Osbadet test 1

Kunstforedrag ved Marianne Gathe

$
0
0
Teaser: 

Oseana sin nye kurator om Peder Balke.

Arrangementdato: 
søn, 01/02/2015 - 13:00

Vi held fram med kunstomvisingane i Griegsamlingen! Denne våren vil både professor emeritus Gunnar Danbolt og Oseana sin nye kurator Marianne Gathe halde omvisingar knytte til kunsten i Griegsamlingen og Hvelvet. Følg oss gjerne på Facebook-sidene til Griegsamlingen, eller på Instagram!  

Temaet for omvisinga denne dagen er Peder Balke (1804 - 1887) - om målaren og politikaren Balke.

 

Middag etter omvisinga?

Omvisningane er søndag kl. 13.00, så kvifor ikkje kombinere dette med ein middag i restauranten?  Dei serverer sin flotte søndagsbuffet, med varme og kalde rettar og eit lekkert dessertbord. Ring 53 69 51 40 for bordreservasjon!

Pris: 
Ord.bill kr. 125,- BT-kort kr. 100,-
Bilde: 
Lengde: 
Om lag 1 time
Billettinfo: 
Merk: Avgrensa antal billettar
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kunstforedrag om Peder Balke
Karuselltittel: 
Kunstforedrag i Griegsamlingen
Karusellteaser: 
Om Peder Balke. Søndag 1. februar kl. 13.00
Servering: 
Søndagsbuffet i restauranten. Ring 53 69 51 40 for bordbestilling.

Natten er dagens mor

$
0
0
Teaser: 

Ellen Horn takkar for seg som Riksteater-sjef med å ha hovudrolla i denne moderne klassikaren

Arrinfo: 

Etter 8 år i sjefsstolen i Riksteatret, overlet Ellen Horn plassen til arvtakar Tom Remlov, og legg ut på turné med stykket Natten er dagens mor.

Vi møter ein liten familie på det sjuskete hotellet dei driv i Skåne. Mor, far og to søner. Det er vareoppteljing, og den yngste sonen, David, fyller 16 år. Gjennom eit skakande døgn blir det rulla opp eit nettverk av løgner. Det utspelar seg scener som berre kan oppstå i den mest intime av alle sfærer - heimen.

Svenske Lars Norén skriv teaterstykke med storarta roller. Han er skodespelarane sin dramatikar, glasklår i innsikta og brutal i utnyttinga av teatret sine verkemiddel. Natten er dagens mor er ein moderne klassiskar om skam, håp og kjærleik.

Når Nathionalteatret og Riksteatret går saman om å sette opp eit av dei viktigaste verka til Norén, blir mor splet av Ellen Horn,  medan regien er ved Ellen si dotter, Kjersti Horn. Dei andre rollene blir spelt av Terje Strømdahl, Emil Johnsen og Glenn André Kaada. Omsett av Arne Lygre.

Varer i 2 timar og 20 minutt inkl. pause.

OPPLEV MEIR!
" Frå teatersjef til skodespelar". Introduksjon ved Ellen Horn før framsyninga. Tidspunkt og lokale blir annonsert seinare.

 

TIDLIGKJØPSRABATT!
Riksteatret har tidlegkjøpsrabatt fram til 1. januar 2015. Den perfekte julegåva til borna i familien!

MIDDAG FØR FRAMSYNINGA?
Kvifor ikkje kombinere framsyninga med ein middag? Ring 53 69 51 40 for bordbestilling!

Arrangementdato: 
tir, 24/03/2015 - 19:00
Body2: 
Pris: 
Tidligkjøpsrabatt til 1.1.15! Kr. 330,-
Lengde: 
2t 20min inkl. pause
Bilde: 
Regi: 
Billettinfo: 
Arrangør: 
Riksteatret
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Natten er dagens mor
Karuselltittel: 
Natten er dagens mor
Karusellteaser: 
Riksteatret 24. mars kl. 19.00
Servering: 
For bordbestilling, ring 53 69 51 40

Begrensa parkering

$
0
0
Teaser: 

Oseana har ein del mindre parkeringsplassar enn tidlegare. 

Bilde: 

Oseana har hatt god parkeringskapasitet fram til denne hausten. No har det starta opp eit nytt byggjetrinn av blokkene i Os sjøfront der det tidlegare har vore parkeringsplassar. Dette gjer at parkeringskapasiteten er betydeleg minska. 

  - Anleggsområdet tek ein stor jafs av areal vi tidlegare har nytta til parkering. Tidlegare har vi klart å huse alle bilar, sjølv ved utselde arrangement, men det kjem vi ikkje til å klare no lenger. Når parkeringsplassen er full lyt vi sende folk til vognhallen og til Os sentrum, seier teknisk sjef ved Oseana, Kjetil Moberg. 

Oseana sine frivillige står ute som parkeringsvertar den siste timen før arrangementa startar, og vil hjelpe publikum med å dirigere dei inn eller vekk frå parkeringsplassen. 

  - Vi skal prøve å veilede folk på ein best mogleg måte, men når der er fullt, så er der fullt. Då må publikum snu tilbake til sentrum, seier arrangements- og marknadskoordinator Janne Mari Hjelle, som oppmodar folk om å vere ute i god tid. 

  - Det er ikkje langt å gå frå Vognhallen eller rådhuset og la bilen stå der, men det går fort ein 5-6 minutt ekstra. Då er det fint å ikkje kome ti minutt før arrangementet skal starte. Vi har fleire utselde hus før jul, og når nær 500 publikummarar alle skal parkere, henge frå seg og kanskje ta ein tur innom baren, så går det fort litt ekstra tid for alle. Legg heller inn ein ekstra buffer, og ver ute i god tid før arrangementet, oppmodar Hjelle med eit smil. 

Juryen

$
0
0
Teaser: 

Riksteatret kjem med ei borneframsyning der borna i salen bestemmer kva den skal handle om!

Kva skjer når borna får bestemme?

To dansarar dansar til vakker musikk, men blir avbrotne av barnestemmer som seier: "Kva er det dei gjer? Vi skjønnar ingenting!" Borna i videoen stansar framsyninga og seier: "Sidan vi er barn og dette skal vere ei barneframsyning, må vi få vere med å bestemme kva ho skal handle om!" Herifrå må dansarane gjere som borna seier. Trur du dei klarer å lage den optimale framsyninga?

Juryen er ei underhaldande framsyning både for born og vaksne. Borna er kanskje dei som ler mest og høgast!

Juryen er laga av Hege Haagenrud. Ho arbeider i landskapet mellom dans og teater, og produksjonane hennar har vore blant dei mest spelte framsyningane for born og unge dei siste åra.  På scena møter vi dansarane Maria Freyvoll og Caisa Strømmen Røstad.

Varer i 35 minutt, og passar for born frå 6 år og oppover.

 

Omtaler:

Juryen tek borna sitt parti, men får dei også til å tenkje over kva dei ynskjer seg av ei framsyning og kva som gjer ei framsyning god. NRK 

Introduserer dans for born på ein skikkeleg kreativ måte. Scenekunst.no, blogginnlegg

 

TIDLIGKJØPSRABATT!
Riksteatret har tidlegkjøpsrabatt fram til 1. januar 2015. Den perfekte julegåva til borna i familien!

 

MIDDAG FØR FRAMSYNINGA?
Restauranten har eigen barnemeny frå kl. 16.00 denne dagen! Ring 53 69 51 40 for bordbestilling!

Arrangementdato: 
tir, 03/03/2015 - 18:00
Pris: 
Tidligkjøpsrabatt fram til 1.1.15! Kr. 185,-
Lengde: 
Om lag 35 min
Bilde: 
Arrangør: 
Riksteatret
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Juryen
Karuselltittel: 
Juryen 3. mars kl. 18.00
Karusellteaser: 
Borna i salen bestemmer det som skjer på scena!
Servering: 
Barnemeny i restauranten frå kl. 16.00. Ring 53 69 51 40 for bordreservasjon.
Viewing all 1571 articles
Browse latest View live