Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all 1571 articles
Browse latest View live

Kjell- Aksel rocker

$
0
0
Teaser: 

Møt den rocka sauen Kjell - Aksel og bandet hans!

Riksteatret presenterar ein snauklipt rockemusikal for dei aller minste!

Sauen Kjell - Aksel spelar i band og drøymer om å bli popstjerne. Saman med katten Arild og kalven Matros har han sitt eige band som heiter Animal Farm. Dei øver i bakgarden til fru Fredriksen og lèt det rocke av låtar som Bæ, bæ, lille lam og Dyrene i Afrika

Ein dag blir Kjell- Aksel hovudstups forelska i det nydelege jentelammet Iselin. Men kva skjer då mor Krøll-Lisa tvingar han til å gå til frisøren og klippe av seg den lange ulle, som han aldri i livet skulle klippe? Vil Iselin i det heile teke kjenne han att, og ikkje minst - vil ho synes han er like kjekk?

Riksteatret har laga ein liten rockemusikal for dei aller minste, basert på ei barnebok av Cecilie Enger, som for dei vaksne kanskje er mest kjend for romanen Mors gaver. Regien på musikalen er ved sjølvaste Stein Winge. Ideen og konseptet er ved Christine Stoesen, som har vore ei stor drivkraft i Riksteatret si satsning på dokketeater. Ho har også medverka i fleire av barneteatersuksessane til Riksteatret, mellom anna var ho Baktus på scena under framsyninga av Karius og Baktus på Oseana i 2012!

Musikalen varer i 35 minutt, og passar for born frå 3 år og oppover.

 

TIDLIGKJØPSRABATT!
Riksteatret har tidlegkjøpsrabatt fram til 1. januar 2015. Den perfekte julegåva til borna i familien!

MIDDAG OG FRAMSYNINGA?
Kvifor ikkje ta søndagsmiddagen også på Oseana denne dagen? Restauranten har familiebuffet med både varme og kalde rettar, og eit deilig dessertbord! Ring 53 69 51 40 for bordbestilling!

 

Arrangementdato: 
søn, 03/05/2015 - 17:00
Pris: 
Tidligkjøpsrabatt fram til 1.januar 2015 kr. 160,-
Lengde: 
Om lag 35 min
Bilde: 
Regi: 
Stein Winge
Billettinfo: 
Avgrensa antal billettar!
Arrangør: 
Riksteatret
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kjell - Aksel rocker
Karuselltittel: 
Kjell - Aksel rocker
Karusellteaser: 
Ein rockemusikal for dei yngste! 3. mai kl. 17.00
Servering: 
Familiebuffet i restauranten! Ring 53 69 51 40 for bordbestilling.

Amfi 1 etg

Amfi 2 etg

Karsten og Petras Vidunderlige Jul

$
0
0
Teaser: 

Ynskjereprise! 

Arrangementdato: 
søn, 14/12/2014 - 16:00

"Karsten og Petras vidunderlige jul" er en fargerik og fantasifull film basert på Tor Åge Bringsværd og Anne G. Holts populære bøker om de to 5-åringene og deres livlige og underfundige kosedyr frøken Kanin og Løveungen.

Karsten og Petra gleder seg veldig til jul, og sammen med kosedyrene frøken Kanin og Løveungen teller de utålmodig ned til julaften. Petra er ekstra spent fordi Bassa skal ha valper, og fordi julenissen kanskje kommer inn til henne i år, ikke bare legger gavene utenfor døra slik han pleier. Når morfar forteller at han skal feire julaften på hytta til kjæresten Esther, må de to bestevennene legge en plan for å få ham til å ombestemme seg. Dermed går de i gang med å lage verdens aller-aller-aller beste julestemning.

Aldersgrense: Tillatt for alle

Pris: 
kr. 80,-
Bilde: 
Lengde: 
1 time 18 min
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 3. desember i resepsjonen på Oseana
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Karsten og Petras Jul
Karuselltittel: 
Karsten og Petras Vidunderlige Jul
Servering: 
Kiosk i foajeen

Aurora på veg mot stjernene!

$
0
0
Teaser: 

Oseana-klare Aurora Aksnes har gjeve ut ny singel - til strålande kritikkar! 

Bilde: 

Os si eiga Aurora Aksnes er klar for Oseanascena 14. februar 2015. Men ho ligg ikkje på latsida fram til då, må vite!

Nyleg lanserte ho sin nye singel Under Stars, og fekk strålande anmeldingar i Bergens Tidende! Anmeldaren meiner Aksnes har alt som skal til for å bli den naturlege referansen for morgondagens norske popmusikk, og seier mellom anna: 

Det beste med Aurora er at hun våger å bruke hele registeret sitt, samtidig som hun holder akkurat nok igjen til at hun har full kontroll. At en så ung vokalist holder et så høyt nivå så tidlig i karrieren, er mildt sagt uvanlig. 

Du kan lese heile anmeldinga her, eller du kan lese reportasje om Aurora vegen hennar vidare ut i verda. 

Den nye låta til Aurora kan du høyre her på WiMP, på Spotify eller på iTunes

Vil du sikre deg billettar til konserten på Oseana 14. februar kan du gå direkte hit! Førjulsrabatt fram til 24. desember! 

Vårlansering 2015

$
0
0
Teaser: 

Laurdag 13. desember kjem det heile og fulle vårprogrammet! 

Bilde: 

Mange ventar på vårprogrammet for 2015! Vi har tidlegare sluppe seks arrangement for sal, no kjem også resten!

Laurdag 13. desember kl. 15.30 blir det vårslepp i foajeen! Kom innom og få med deg nyheitene om våren! Det blir også gode prisar på billettar, så er du ikkje ferdig med julegåvene endå kan du gjere gode kupp her! Det blir også graut med mandel og gløgg! Og er du heldig og får mandelen, kan det hende du slepp å kjøpe billettar....

 

Klokka 16.00 glir vårsleppet elegant over i haustens siste jazzkafé! Så stikk innom oss på laurdag, og ta med ein venn! 

Hobbiten: Femhærerslaget

$
0
0
Teaser: 

Bygdekinoen avsluttar sesongen med den tredje og siste filmen i Hobbiten- trilogien. 

Arrinfo: 
Arrangementdato: 
søn, 14/12/2014 - 19:00

Den siste filmen i Hobbiten- trilogien, Femhærerslaget, er den episke avslutninga på eventyret om Bilbo Lommelun, Thorin Eikenskjold og reisefølget av dvergar. Ved å krevje tilbake heimlandet sitt frå dragen Smaug, slapp dei ei dødeleg og frykteleg kraft ut i verda. Ein rasande Smaug let sinnet sitt gå utover dei uskuldige innbyggarane i Langsjøby. Besett av den gjenkrevde skatten ofrar Thorin vennskap og ære for å omfamne mest mogleg av den. Bilbo må ta farlege og desperate val når han prøvar å snakke Thorin til vett, men den største fara ligg framfor dei. Ukjent for alle, bortsett frå trollmannen Gandalv den Grå, har fienden Sauron sendt ein armé av orkar i eit snikangrep på Ensomfjellet. Medan mørkret veks som eit resultat av den eskalerande konflikta, må rasande dvergar, alvar og menneske bestemme seg - samle seg eller bli knust! Bilbo kjempar både for sitt eige og for vennane sitt liv i det episke Femhærerslaget - skjebna til Midgard kvilar på akslane deira. 

Aldersgrense 11 år. MERK! Born under 11 år blir fråråda å sjå denne filmen! 

Er du mellom 16 og 20 år og har Kulturkort for Hordaland? Då kan du få kr. 20,- i avslag på denne filmen ved å vise fram kortet både ved kjøp og ved inngang i døra. Ein billett pr. kort.

Pris: 
Kr. 100,-
Body2: 
Bilde: 
Lengde: 
2t 15min
Regi: 
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 5. desember, berre i resepsjonen på Oseana.
Arrangør: 
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Hobbiten -Femhærerslaget

Vårlansering 2015

$
0
0
Teaser: 

No kjem heile vårprogrammet!

Arrinfo: 
Arrangementdato: 
lør, 13/12/2014 - 15:30

Mange ventar på vårprogrammet for 2015! Vi har tidlegare sluppe seks arrangement for sal, no kjem også resten!

Laurdag 13. desember kl. 15.30 blir det vårslepp i foajeen! Kom innom og få med deg nyheitene om våren! Det blir også gode prisar på billettar, så er du ikkje ferdig med julegåvene endå kan du gjere gode kupp her! Det blir også graut med mandel og gløgg! Og er du heldig og får mandelen, kan det hende du slepp å kjøpe billettar....

Klokka 16.00 glir vårsleppet elegant over i haustens siste jazzkafé! Så stikk innom oss på laurdag, og ta med ein venn!

Pris: 
Kr. 50
Body2: 
Bilde: 
Lengde: 
1t
Regi: 
Billettinfo: 
Billettar i døra.
Arrangør: 
Arrangement: 
Sal: 
KalenderTittel: 
Vårlansering 2015

Os kulturskule - julekonsert kl. 20.00

$
0
0
Teaser: 

Os kulturskule inviterar til julekonsert.

Arrinfo: 
Arrangementdato: 
man, 15/12/2014 - 20:00

Tradisjonen tru held Os kulturskule si juleavslutning på Oseanascena med ein flott julekonsert. Her får du oppleve dei fleste instrument og elevar i alle aldrar. 

I år får du oppleve eit stykke som handlar om Fjøsnissen Borg!

Fjøsnissen Borg sit og sturer oppunder Borgafjell på Julaftan. Han har ikkje fått julagrauten sin denne jula heller. Det har gått år og dag sidan han fekk julagraut på låvebrua. Garden han bur på skal leggjast ner, dyra er borte og han ser ikkje anna råd enn å reisa lenger inn i landet for å finna seg ein annan gard.

Dyra i skogen vil ikkje at Borg skal dra. Dei er glad i han og vil at han skal bli verande hos dei ute i skogen. Men for ein fjøsnisse er ikkje dette noko alternativ. Han treng ein gard med høy og dyr der han kan stelle og bu. Medan han sit der oppe under « pyramidelysa « på Borgafjell fortel han om den tida han har vore fjøsnisse i Os og dyra i skogen høyrer på. Som de sikkert kjenner til kan fjøsnissene bli ganske gamle, og han fortel korleis arbeidet på garden var for 150 år sidan og fram til i dag. Han fortel om militerleiren som låg nere på telthusplassen, hotella på Os og då Osbanen kom. Han hadde så lyst te å reisa med Osbanen, men du veit for ein fjøsnisse var ikkje dette mogleg.

Heile tida tenkjer han på julagrauten som han fekk kvart år. Dette var og eit bevis på at folka på garden sette pris på det arbeidet han gjorde. Han fortel om korleis fjøsnissene i bygdo samla seg oppe i Gavlen på Storafjellet kvar einaste romjul og hadde durabelige festar der dei dansa og song.  No er det slutt på dette. Fleire av fjøsnissene har allereie dratt lenger inn i landet for å finna seg ein gard der dei kan vera. Det siste han ønskjer før han dreg, er å høyra "Julasong frå Os" som Os musikkforening spelte nerpå Øyro før kvar einaste jul – før i tio. Med tungt hjarte tek han farvel med dyra i skogen før han legg i veg austover.

Forestillinga er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire lærarar i Kulturskulen.
Dans/drama er koreografert av Patricia Langeland og Julia Bergesen. 
Musikk og manus/ide er laga av Jon Søfteland Sæbø. 
Fjøsnissen vert spela av Otto Hægland. 
Over 100 elevar i Os Kulturskule er med.
Dette vert ein litt annleis juleframsyning!
Det er to framsyningar av årets julekonsert, ein kl. 18.00 og ein kl. 20.00, begge konsertane er måndag 15. desember. 
Pris: 
Body2: 
Bilde: 
Lengde: 
Regi: 
Billettinfo: 
Billettar i døra. NB! Kun kontantar!
Arrangør: 
Os kulturskule
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Julekonsert Os kulturskule

To framsyningar med Os kulturskule

$
0
0
Teaser: 

Os kulturskule inviterar til to framsyningar måndag 15. desember. 

Bilde: 

Det har etter kvart blitt tradisjon at Os kulturskule held juleavslutning i Oseanasalen. 

I år er det ei nyskriven framsyning som skal visast på Oseanascena, historia om Fjøsnissen Borg

Tidlegare har det vore annonsert at kulturskulen skulle ha ei framsyning kl. 18.30, no er dette utvida til to framsyningar, ein kl. 18.00 og ein kl. 20.00. Billettane kan du førehandskjøpe ved å kontakte Os kulturskule, eller kjøpe i døra. 

Kulturskulen vil også selje billettar i foajeen på Oseana tysdag 9. desember mellom 15.30 og 18.00. 

 

Kino: Madagaskarpingvinene

$
0
0
Teaser: 

Superspioner blir ikke født... de klekkes! Oppdag hemmelighetene bak de beste og morsomste pingvinene i hele spionbransjen: Skipper, Kowalski, Rico og Menig. Denne elitegruppen slår seg sammen med den hemmelige organisasjonen, Nordavinden, som ledes av Agent Hemmelig (Vi kunne ha fortalt deg hans virkelige navn, men da... ja du vet). Sammen må de stoppe den skurken Dr. Oktavius Blekk fra å ødelegge verden slik vi kjenner den!

Pingvinene fra Dreamworks Animations MADAGASKAR, får endelig sitt eget eventyr på storlerretet. Vi følger disse globetrotterne på en reise som tar dem til Antarktis, Venezia, ørkenen, Shanghai, New York City (...og Kentucky), der deres spionasje-evner blir satt på prøve når de må stanse den onde Dr Blekk - og fortære Ostepop - som ingen pingviner har noensinne har gjort.

Aldersgrense: 7 år

Arrangementdato: 
søn, 04/01/2015 - 16:00
Pris: 
kr. 80,-
Bilde: 
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 17.Desember i resepsjonen på Oseana
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Madagaskarpingvinene
Servering: 
Kiosk i Foajeen

Kino: Tingeling og legenden om Drømmebeistet

$
0
0
Teaser: 

I "Legenden om Drømmebeistet" tar Tingeling og Disneyfeene oss med på et episk actioneventyr fylt av hjertevarme og sitrende spenning.

Den morsomme og dyktige Dyretalentfeen Fie mener du ikke kan dømme en bok etter omslaget - eller et dyr etter sine huggtenner - så hun blir venn med en stor og mystisk skapning kjent som Drømmebeistet. Mens Tingeling og vennene hennes er usikre på dette skremmende tilskuddet til Drømmehagen, forsøker Speiderfeene å fange monsteret før han ødelegger deres hjem. Fie må stole på sitt hjerte og ha en god porsjon tro hvis hun skal klare å samle jentene og redde Drømmebeistet.

Arrangementdato: 
søn, 11/01/2015 - 16:00
Pris: 
kr. 80,-
Bilde: 
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 7. Januar i resepsjonen på Oseana
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Tingeling
Servering: 
Kiosk i Foajeen

Opningstider for jul 2014

$
0
0
Teaser: 

Oseana held stengt i julehøgtida, men har ope for kinosøndag 4. januar. 

Bilde: 

Oseana held stengt i julehøgtida. 

Siste opningsdag før jul er laurdag 21. desember. Fyrste opningsdag etter nyttår er onsdag 7. januar. 

Vi har også fyrste kinosøndag på nyåret allereie 4. januar. Då opnar vi dørene som vanleg kl. 12.00. Førehandssalet av billettar startar 17. desember, men dei kan også kjøpast i døra kinodagen. Dei to filmane som går denne dagen er Madagaskarpingvinene kl. 16.00. Filmen kl. 19.00 blir offentleggjord seinare. 

Oseana kafé og restaurant har også siste opningsdag før jul 21. desember, og dei opnar att på nyåret laurdag 10. desember. 

 

Vi ynskjer alle våre kundar og publikum ei fredfull julehøgtid, og ynskjer velkomen attende på nyåret! 

Oseana kunstklubb

$
0
0
Teaser: 

Som medlem i Oseana kunstklubb vil du få et unikt innblikk i aktivitetene i Griegsamlingen og i Galleri Hvelvet. Vi kan love deg at du vil få et langt rikere utbytte av dine kunst- og kulturopplevelser!

Bilde: 
Fleire bilde: 

Kunstklubben på Oseana skal gi et ekstratilbud til de som er interessert i informasjon og diskusjon om de forskjellige utstillingene vi har her. Vi arrangerer 8 -10 utstillinger i Galleri Hvelvet pr. år, samt at Griegsamlingen består at helt unike verk fra norsk kunsthistorie. Billedkunsten som vises på Oseana kunst-og kulturhus har et stort og entusiastisk publikum, og det er en glede å kunne invitere dere til et medlemskap i kunstklubben.

Fordeler Oseana kunstklubb:

  • Lukket visning på nye utstillinger i timen før åpning
  • Spesialomvisninger kun for klubbmedlemmer på alle utstillinger gjennom året
  • Invitasjon til medlemskvelder 4-5 ganger i året, med foredrag, diskusjon og enkel servering
  • Faglig veiledning og råd ved kunstkjøp
  • 5 % rabatt ved kunstkjøp på Oseana
  • Medlemskontigent kr. 450,- pr. år. (16-25 år: kr. 200,-)

Også barna vil få en egen kunstklubb på Oseana! Barn har ofte svært verdifulle betraktninger om sine opplevelser av billedkunst. Fortellinger og fiksjoner spinner videre fra et kunstverk i et barnesinn på en måte som voksne vanskelig får til. Dette er noe vi vil ta vare på og videreforedle gjennom Oseanas kunstklubb for barn.

Barnas kunstklubb på Oseana:

  • Fortellerstunder med utgangspunkt i kunstverk i Griegsamlingen og i Galleri Hvelvet
  • Maleverksteder
  • Møte med kunstnere som forteller hvordan de jobber
  • Gratis medlemskap

Meld dere på her

For mer informasjon: kunstklubb@oseana.no
eller ta kontakt med Marianne Gathe, mob: 45 27 94 13

Innmedling kunstklubb

$
0
0

Meld deg inn i vår kunstklubb


Oseana Kammerfest 12. - 16. august

$
0
0
Teaser: 

Velkomen til klassisk kammerfestival på Oseana! 

Arrangementdato: 
ons, 12/08/2015 - 15:00

Dette året startar Oseana Kammerfestival. I perioden 12. - 16. august kan du kvar dag få oppleve vakre konsertar i flotte omgjevnadar. 

Festivalen er eit samarbeid mellom Oseana, Musica Nord, Kongshaug Musikkgymnas og Os kulturskule. 

Program for festivalen vil bli lagt ut så snart det er klart. 

Bilde: 
Arrangement: 

FONOS og MixMaster Cru

$
0
0
Teaser: 

Fonos og dansegruppa MixMaster Cru inviterar til ei heilaftans framsyning!

Os-koret Fonos kan etter kvart vise til ei lang rekkje konsertar på Oseana, sist med ein utseld julekonsert i desember 2014. No inviterar dei igjen til konsert, og denne gongen har dei med seg gjestar!

MixMaster Cru er eit dansekompani frå Bergen. Dei fem medlemmane har særs ulike personlegdomar og dansestilar. Dei er kjende for spektakulære show med mykje energi og humor, men likevel kan dei tolke alvorlege tema. 

Fonos er eit kor frå Os med 30 dyktige songarar. Dei har gjort seg synlege gjennom ei rekkje utselde konsertar, og er kjende for sitt særeigne repertoar som spenner frå kjende poplåtar til meir ukjend indierock, vidare til gospel og soul. 

No slår altså desse to "gruppene" hovuda saman, og ut or ein smeltedigel av musikkglede og formidlingsevne oppstår det eit heilaftans show du seint kjem til å gløyme!

 

MIDDAG OG KONSERT? 

Kvifor ikkje kombinere konserten med ein middag, og gjere det til ein heilaftan? Restauranten tilbyr herlege rettar til gode prisar! Ring 53 69 51 40 for bordbestilling! 

Arrangementdato: 
lør, 13/06/2015 - 19:00
Pris: 
Ord. bill kr. 275,-
Bilde: 
Fleire bilde: 
Arrangør: 
Fonos
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Fonos & MixMaster Cru
Karuselltittel: 
Fonos & MixMaster Cru
Karusellteaser: 
Eit heilaftans show! 13. juni kl. 19.00

Pride

$
0
0
Teaser: 

Ein gledesspredande film, full av humor og varme! 

Arrinfo: 
Arrangementdato: 
søn, 04/01/2015 - 19:00

Pride er ein herleg og fantastisk morosam film om to fullstendig ulike kulturar som kræsjar i kvarandre, og som forsøkjer så godt dei kan å samarbeide mot eit felles mål. 

Året er 1984 og Margaret Thatcher styrer Storbritannia med jernhand. Gruvearbeidarane streikar og mange familiar slit med å få endane til å møtast. I London bestemmer ein gjeng homofile seg for å samle inn pengar til gruvearbeidarane sine familiar. Dei identifiserar seg meg gruvearbeidarane sin kamp mot overmakta og etablerar aktivistgruppa "Lesbians and Gays Support the Miners". Dei samlar inn pengar, men store problem med å finne nokon som ynskjer å ta i mot. Til slutt får dei kontakt med eit gruvesamfunn i Wales, og set seg i den fargerike minibussen for sjølv å overlevere donasjonen. Det blir ein kulturkollisjon utan like. 

Pride hr mange kostelege scener, som når gruvearbeidarkonene går på homsebar i London, eller diskofesten på det vesle samfunnshuset i Wales. Fiilmen har eit solid skodespelargalleri beståande av mellom andre Bill Nighty, Imelda Staunton og Dominic West, for ikkje å gløyme eit lydspor med svingane 80-talls hits! 

Filmen har 7 års aldersgrense, og varer i 2 timar. 

Billettane er i sal i resepsjonen frå onsdag 17. desember, eller så kan du kjøpe i døra den 4. januar! 

 

Er du mellom 16 og 20 år og har Kulturkort for Hordaland? Då kan du få kr. 20,- i avslag på denne filmen ved å vise fram kortet både ved kjøp og ved inngang i døra. Ein billett pr. kort.

Pris: 
Kr. 100,-
Body2: 
Bilde: 
Lengde: 
2t
Regi: 
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 17. desember, berre i resepsjonen på Oseana.
Arrangør: 
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Pride

Kino 11. januar

$
0
0
Teaser: 

Allereie 11. januar er det ny kinosøndag på Oseana!

Bilde: 

Allereie 11. januar er det klart for ny kinosøndag på Oseana. 

Kl. 16.00 viser Bygdekinoen den heilt ferske filmen Tingeling og legenden om Drømmebeistet. Denne filmen hadde premiere i romjula, og har aldersgrense 7 år. Vil du lese meir om denne filmen kan du trykke her

Kl. 19.00 blir det ynskjereprise på filmen Pride, ein varm og humoristisk film om gruvestreikane i England på 80- talet. Les meir her

 

Billettar til begge filmane er i sal i resepsjonen på Oseana frå onsdag 7. januar. 

Elvis har fødselsdag!

$
0
0
Teaser: 

Og det feirar Oseana med å gje vekk billettar til Benny Borg sin konsert 17. januar! 

Bilde: 

I dag, 8. januar, ville Elvis ha fylt 80 år om han hadde levd! Kongen av rock er framleis ein stor helt og inspirasjonskjelde for mange, og musikken hans lever i beste velgåande i dag. 

Laurdag 17. januar kjem Benny Borg med sin kritikarroste konsert "Hvor var du da Elvis døde?" som teiknar eit varmt og sårt bilete av den store helten. Borg si personlege og rørande tolkingar av musikken, kombinert med historia om Elvis sitt liv, har rørt mange til tårer og gjeve kvar publikummar ei stor konsertoppleving. Du kan lese meir om konserten ved å trykke her

I samband med både fødselsdag og konsert, kan du vinne to billettar til denne konserten ved å svare på dei tre spørsmåla under! Svaret sender du til janne@oseana.no innan onsdag 14. januar. Hugs også å skrive kontaktinfo i mailen, både namn og telefonnummer. 

1. Kva heitte Elvis Presley til mellomnamn?
a) Mike
b) Jeff
c) Aaron

2. Kva heiter heimen til Elvis som no er museum?
a) Graceland
b) Lisahouse
c) The Kings house

3. Kva heitte kona til Elvis?
a) Lisa Marie 
b) Pricilla
c) Whitney 

 

Vil du kjøpe billettar til konserten, kan du gå hit

Og kvifor ikkje kombinere konsertopplevinga med ein betre middag? Ring vår restaurant for bordbestilling og eit godt tilbod på telefon 53 69 51 40!

Viewing all 1571 articles
Browse latest View live