
Då HavFest hadde urpremiere i 2011 var Oseanasalen fylt til randen fire kveldar av eit overbegeistra publikum, og det var mange skuffa osingar som opplevde å ikkje få tak i billett. Men no får både nye og gamle publikummarar sjansen ikkje berre ein, men tre gongar til!
Når framsyninga har nypremiére 24. mai er det i ei heilt ny og moderne drakt, med scenografi som er basert på videoprojeksjon og levande bilete. Musikalsk er produksjonen også styrka med fleire dyktige songarar.
Hovudpersonen i HavFest er Guri Kunna - herskarinne over sjø og kyst. Ho har nokre utfordringar med menneskefolket som ho freistar å løysa ved hjelp av kløkt og kjærleik. Her vert det både klimatoppmøte på Breen, og klimabotnmøte på havsens botn. Anbefalt alder er frå 8 år. Les meir om framsyninga her, eller på Opera Omnia sine eigne nettsider.
Billettar kan du kjøpe både i resepsjonen på Oseana eller bruk direktelinkane til Billettservice under:
Kjøp billettar til fredag 24. mai kl. 19:00 her.
Kjøp billettar til laurdag 25. mai kl. 19:00 her.
Kjøp billettar til søndag 26. mai kl. 19:00 her.