
Tysdag 4. november kjem Riksteatret tilbake til Oseana med den kritikarroste framsyninga Norsk Reisning. Stykket er ein humoristisk og musikalsk reise gjennom Noregs historie, med sjølvaste Henrik Wergeland som reiseledar! Espen Beranek Holm, Elisabeth Moberg, Teodor Janson & Co parodierer kjende nordmenn og kastar eit skråblikk på Noreg, dette er kort sagt reisa frå viking til veiking på 120 minutt!
Men kva er vel ei framsyning om norsk historie utan eit ekte korps? Os skulekorps held minikonsert i foajeen kl. 18.30, og denne er gratis for alle som har billett til stykket! Og kven veit, kanskje får du også sjå meir til dei i framsyninga?
Vil du lese meir om stykket, kan du trykke her. Vil du kjøpe billettar, gå hit!
Det er også mogleg å få seg ein herleg toretters middag i restauranten til kr. 285,- Ring 53 69 51 40 for bestilling!