
Framsyninga "200 år på to timar" held fram med å ta publikum med storm, no også på ei scene nær deg!
Stykket vart produsert av Oseana saman med Festspillene i Bergen i 2014, og Linda Eide og Sjur Hjeltnes har spelt for utselde hus alle stadar dei har vore. Turnéen held fram utover hausten, så var du ein av mange som ikkje fekk billett i vår, har du sjansen att no!
29. august: Bjørnsonfestivalen, Molde
30. august: Bjørnsonfestivalen, Molde
31. august: Herøy, Helgeland
19. september: Logen, Bergen - UTSELD!
11. oktober: Odda kino, Odda
31. oktober: Trivselshagen, Sandane
1. november: Operahuset Nordfjord, Nordfjordeid
20. november: Logen, Bergen
21. november: Logen, Bergen
22. november: Logen, Bergen
Er det mogeleg å gjera 200 års nasjonal historie til sin eigen? Spør Linda Eide så høgt ho kan, medan Sjur Hjeltnes hamrar ut ein Grieg-finale. Spørsmålet ligg under heile denne framsyninga, som ein klingande basstone, medan dei to pløyer den norske historia på jakt etter sidespora og digresjonane. Historiene som ikkje står i pensum, som aldri fekk den plassen dei fortener, men som likevel fortel oss kven me var og er. Saman presenterer Linda og Sjur finurlige og musikalske betraktningar som set desse historiene våre i eit nytt og fascinerande lys!
I denne gjennomgangen er det ikkje Brudeferden i Hardanger som markerer høgdepunktet i den norsk nasjonalromantikken. Nei, det er eit heilt anna motiv. Og i denne dansen med moro og fotnotar er det ikkje Einar Gerhardsen som er den politiske helten, men ho som gav oss dei mest upoplære lovene nokosinne, og sjølv greidde å bli populær!
200 år på to timar – inklusivert pause tek oss med heilt tilbake til Napoleonskrigane, fram til blokkfløyta kjem og vidare inn i framtida. For sjølv om ingen kan spå om framtida, er det ein ting som er sikkert. Og det er: Hånei, vent og sjå.
”Vi er fotnotane til Frank Aarebrot!”
-Sjur Hjeltnes til BT
Ynskjer du å booke forestillinga til di scene? Ta kontakt med HiHat Management på torill@hihat.no