Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Victoria

$
0
0
Teaser: 

Den nye norske storfilmen basert på Knut Hamsun sin verdskjende romanklassikar.

Arrinfo: 
Arrangementdato: 
søn, 2013-03-17 19:00

Victoria er ein av årets store norske filmsatsningar, som byggjer på Hamsun- klassikaren med same namn. Victoria er ei tragisk kjærleikshistorie som utspelar seg mellom Victoria og Johannes. Ho er dotter til godseigaren og han er den fattige sonen til møllaren. Dei elskar kvarandre djupt. men pressa av faren vrakar Victoria Johannes til fordel for sonen til kammerherren, den unge løyntnanten Otto.

I hovudrollane møter vi det nye norske stjerneskotet Iben Akerlie som Victoria, Jacob Oftebro som Johannes og Bill Skarsgård som Otto. I øvringe rollar finn vi kjende norske namn som Fridtjov Såheim, Petronella Barker, Eindride Eidsvold og Anneke von Der Lippe. Filmen er regissert av Torun Lian, som tidlegare har regissert Amanda-vinnarane "Bare skyer beveger stjernene" og som er manusforfatteren bak "Frida - med hjertet i hånden". "Victoria" er ein film frå produsentane  John M. Jacobsen og Sveinung Golimo, dei same som har produsert Max Manus. Denne gongen samarbeider dei med den amerikanske filmprodusenten Pancho Kohne.

 

Filmen varer i 1t 46min og har 11 års aldersgrense.

Pris: 
Kr. 100,-
Body2: 
Bilde: 
Lengde: 
1t 46min
Regi: 
Scenografi: 
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 12. mars, kun i resepsjonen på Oseana
Arrangør: 
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Victoria

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571