
Oseana Kafé & Restaurant!
Etter at det vart kjent at Roald og Anne Rita Mjelstad startar opp att restauranten i Oseana, vart det lyst ut ein namnekonkurranse om kva den nye kafé og restauranten skulle heite, og også kva den nye baren i foajeen skulle ha til namn.
- Oppslutninga om konkurransen har vore veldig god, fortel sals- og marknadsføringsansvarleg Astrid Heggland. -Totalt har det kome inn over 80 namneforslag!
Ein jury beståade av tilsette på Oseana og Roald og Anne Rita plukka ut namnet, og vinnaren av konkurransen vart journalist i Midtsiden, Kjetil Vasby Bruarøy. Han vinn middag og billettar til eit arrangement for fire personar.
Det var også utlyst konkurranse om namn på den nye baren i foajeen, som kjem til å vere open kveldane huset har arrangement. Her vart namnet "Utsikten bar". Heile seks personar hadde føreslege dette namnet, så vinnaren her vart kåra ved loddtrekking. Den heldige vart Vidar Mjånes, som også vinn middag og billettar til fire personar. Dei fem andre som hadde foreslått dette namnet vinn middag og billettar for to personar kvar.
Mjeldstad er nøgd både med oppslutninga om konkurransen og med namnet.
- Både vi og kulturhuset synes det passar bra at namnet har tilknyting til det eksisterande, og at namnet kan følgje huset, ikkje driftsselskapet. Oseana Kafe & Restaurant er både beskrivande og velklingande, meiner Mjelstad.
All informasjon om restauranten kjem også til å ligge under Oseana sine heimesider, så publikum skal sleppe å forhalde seg til fleire sider. Desse sidene vil bli utvikla no fram i mot at restauranten skal opne i slutten av april.