Somewhere Over the Rainbow!
Foto: Mats Bäcker
Familiemusikalen Trollmannen frå Oz
The Wizard of Oz
av L. Frank Baum, Harold Arlen, E.Y. Harburg og John Kane
Omsett av Bjørn Endreson
Bli med til den andre sida - Somewhere Over the Rainbow!
Vi har alle høyrt om Dorothy - den vesle jenta som blir virvla opp av ein tornado og feia av garde til trolldomslandet på den andre sida av regnbogen!
Undervegs til Smaragdbyen og Trollmannen møter ho tre underlege fyrar – Blikkmann, som så inderleg ønskjer seg eit hjarte, Fugleskremselet, som så gjerne vil ha ein hjerne å tenkje med, og den livredde Løven, som håpar han ein dag skal bli modig, han òg. Men først når dei har fått has på Den onde heksa, finn dei det dei egentleg leitar etter – trua på seg sjølv, og trua på andre. Og då finn Dorothy også vegen heim!
Det er gått mange år sidan sist Riksteatret sette opp ein skikkeleg musikal. No skal vi endeleg gjere det igjen. Og då har vi like godt valt oss ein av dei verkeleg store klassikarane: Trollmannen frå Oz. Det er jo ingenting som på same måten samlar eit publikum på tvers av generasjonane som musikkteateret.
Som Dorothy får du møte den nye stjerna Mari Lerberg Fossum. Ho har tidlegare gjort suksess både som Sophie i Mamma Mia og Belle i Skjønnheten og udyret. Og regien er ved multitalentet Alan Lucien Øyen, som gjennom dei seinaste åra har vunne seg eit stadig større namn, også langt utanfor landets grenser.
I han har norsk teater fått seg ein ny trollmann, og han lovar oss ei fargerik og frodig og livsglad framsyning, for eit eventyrlystent publikum i alle aldrar!
Speletid: 2 t (inkl. pause)
Premiere i Nydalen, Oslo 18. januar
Turnépremiere på Hamar 25. januar
På scena
Anne Bolette Stang Eng, Mari Lerberg Fossum, Caroline Glomnes Johansen, Stig-Werner Moe, Jørn Morstad, Sebastian Skytterud Myers, Thomas Jørstad Pettersen, Eirik Risholm Velle, Kay Werner Hartvigsen, Bjørge Verbaan og Martin Wister.
Team
Regissør og koreograf: Alan Lucien Øyen. Scenograf: Leiko Fuseya. Kostymedesignar: Stine Sjøgren. Musikalsk ansvarleg: Per Christian Revholt. Lysdesigner: Martin Flack
Produsert av Riksteatret


